– Framstegspartiet har alltid vore opptekne av ferjer og kysten vår. Difor er det heilt naturleg for oss å no gje pengar til dei fylka som har satsa på elektriske ferjer, seier Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for Frp Hordaland.
Då regjeringa kom med sitt forslag til statsbudsjett tidlegare i haust, var det klart at det ikkje låg inne pengar til å kompensere dei kystfylka som har brukt store pengar på å gjere ferjene elektriske.
Det var eit prestisjenederlag for både KrF og Venstre, og det førte til uro særleg i Vestland fylke.
Der var fylkespolitikarane så avhengige av støtta frå staten at dei valde å budsjettere med kompensasjonspengane, sjølv om pengane ikkje låg inne i forslaget til statsbudsjett.
Stiller krav om billettprisar
No er det klart at Framstegspartiet foreslår totalt 200 millionar kroner i ekstraløyvingar til ferjefylka. Av dei skal det meste gå til satsinga på elferjer, og Vestland fylke ligg an til å få mest.
Også Nordland og Møre og Romsdal kan nyte godt av desse midlane, dersom dei kjem med i det endeleg statsbudsjettet seinare i år.
– Dette er veldig gode signal frå Frp. Det er om lag det vi har håpa på, seier Aleksander Øren Heen, gruppeleiar for Senterpartiet i Vestland fylkesting.
Njåstad i Frp understrekar likevel at pengane ikkje kjem utan vidare. For å hindre eit liknande hopp i ferjeprisane som det som skapte eit ferjeopprør i fjor, foreslår partiet å stille krav om at billettprisane ikkje skal gå for mykje opp.
– Dersom fylka aukar billettprisane for mykje, og let ferjepassasjerane betale for den kostbare elektrifiseringa som politikarane har sett i gang, så får dei ikkje pengane, seier Njåstad.
GIR PENGAR: Helge André Njåstad og Frp gir pengar til satsinga på elektriske ferjer i sitt alternative statsbudsjett.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKVenstre jublar over Frp-gjennomslag
Frp legg ikkje skjul på at dei meiner fylkespolitikarane i Vestland har vore for ambisiøse med satsinga på elektrifisering av ferjene.
Lokalt er det også Frp som har vore mest skeptiske til det grøne skiftet i ferjeflåten. Men at det likevel er dei som kjem med pengane som skal til, tek ikkje Venstre så tungt.
– Det er veldig bra at Frp foreslår dette. Det er berre kjekt om vi får konkurranse frå dei på visjonen om eit grønt skifte i transportsektoren, seier Ketil Kjenseth (V) som leiar energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Kjenseth understrekar at regjeringspartia og Frp no skal forhandle, men at forslaget til Frp om meir pengar til elferjer gir eit lovande utgangspunkt for forhandlingane.
VIL HINDRE PRISHOPP: Framstegspartiet foreslår totalt 200 millionar kroner i ekstraløyvingar til ferjefylka, men stiller samtidig krav om at billettprisane ikkje skal gå for mykje opp.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix