– Stortingsgruppa i Framstegspartiet er oppteken av å sjå heile Vestlandet under eitt, og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har eit langt breiare nedslagsfelt – heilt opp til Ålesund – enn riksveg 7 over Hardangervidda, seier Åse Michalsen, transportpolitisk talsperson i Framstegspartiet.
Måndag kunne NRK fortelja om ein regjerings-bestilt kvalitetssikringsrapport som kan bli avgjerande når den nye nordlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet skal bestemmast.
- Striden om den nye stamvegen står mellom riksveg 7 over Hardangervidda, som særskilt Bergen Høgre, indre Hardanger og deler av Hallingdal ønskjer, og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, som ein allianse av Sogn og Fjordane, Sunnmøre, Hemsedal og rest-Hordaland ønskjer.
- Statens vegvesen har i si konseptvalutgreiing tilrådd riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.
Også den nye kvalitetssikringsrapporten vrakar riksveg 7 over Hardangervidda og tilrår riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Men rapporten seier òg at Regjeringa fyrst bør greia ut den såkalla «Hordalandsdiagonalen», ein ny vegarm frå Bergen som koplar seg på E134 over Haukli.
Det har skapt bekymring både blant Hemsedals- og Hardangervidda-forkjemparane.
Vil ikkje utsetja avgjerda
Men Frp på Stortinget vil ikkje utsetja avgjerda, slik rapporten tilrår.
– Frp ønskjer ikkje å måtta venta på ei utgreiing av «Hordalandsdiagonalen». For oss er det viktig landa denne aust-vest-hovudvegen. Dette handlar om pengar til opprusting, utviding, tunnelar og bru, så Frp ønskjer å konkludera så raskt som me kan, seier Michalsen.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ønskjer ikkje å kommentera saka. Men tidlegare har statsråden varsla at stamvegavgjerda kjem som ein del av Nasjonal transportplan, som Stortinget skal vedta i juni.
Heller ikkje det andre regjeringspartiet på Stortinget – Høgre – vil utsetja avgjerda, slik den regjerings-bestilte kvalitetssikringsrapporten anbefaler.
– Statens vegvesen har allereie i vurderinga si av riksveg 52 versus riksveg 7 teke høgde for at «Hordalandsdiagonalen» kan koma. Me ser difor ikkje behovet for å konsekvensutgreia ein slik vegarm no, fordi ei eventuell bygging av ein slik arm ligg så langt fram i tid, seier Nikolai Astrup (H), leiar Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
Intern aust-vest-strid i Høgre
Når Framstegspartiet vil ha Hemsedalsfjellet som nordleg stamveg, er dei altså på linje med to store utgreiingar frå Statens vegvesen, og i tillegg den nye kvalitetssikringsrapporten.
Men i Høgre er dei internt usamde i denne viktige vegsaka. Astrup vedgår at det er spenningar partiet si stortingsgruppe:
– Det er delte meiningar i partiet i valet av stamveg. Men eg trur alle erkjenner at uavhengig av kva veg som får stamvegstatus, må det gjennomførast prosjekt på begge vegane for å heva standarden og sikra betre regulariteten.