Frp-topp twittra om kastrering etter valdtekt - Useriøst, meiner SV'ar

Frp-leiaren i Sogn og Fjordane twittra om kjemisk kastrering av valdtektsforbrytarar kort tid etter ei mogleg valdtekt i Førde. – Useriøst og flåsete, meiner SV-topp.

Djuvik kommenterer russevaldtekt

TWITTER-KOMMENTAR: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp sa på Twitter at han meinte valdtektsforbrytarar bør kastrerast.

Foto: Rune Fossum/skjermdump

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fylkesleiaren i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, får kraftig motbør etter at han gav uttrykk for at han vil kastrere valdtektsforbrytarar.

Kommentaren på Twitter kom han med kort tid etter at ei mogleg valdtektssak vart kjent i media.

- Eg meiner Djuvik burde halde seg for god til å kommentere på denne måten. Det vert lettvint og useriøst, seier SV-politikar og fylkestingsrepresentant Norvall Nøringset.

«Skulle vært kastrert»

Berre timar etter at ein mann vart sikta for å ha valdteke ei jente på ein russefest i Førde onsdag, tok fylkesleiaren til orde for kjemisk kastrering.

På nettsamfunnet Twitter skreiv Djuvik då følgjande melding:

«Slike folk skulle vært kastrert. Sjølv om du ikkje klarar få deg dame, så er nei fortsatt eit nei.»

I meldinga låg det også ei lenke til ei nettsak som omhandla den moglege valdtekta i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norvall Nøringset

VANTRU: Norvall Nøringset (SV) meiner kommentaren frå Frp-leiaren var både flåsete, uheldig og useriøs.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Dette er ikkje greit

Ein russ i byrjinga av 20-åra er sleppt fri, men har framleis status som sikta etter at ei 17 år gamal jente skal ha blitt valdteken på ein russefest.

Nøringset i SV meiner Djuvik er både useriøs og flåsete når han kommenterer denne saka på Twitter.

- Det er ikkje vår jobb som politikarar å kommentere enkeltsaker og straffesaker på denne måten. Spesielt ikkje på eit så tidleg tidspunkt. Vi som politikarar kjenner ikkje til detaljane om kva som har skjedd, seier Nøringset.

- Flåsete og uheldig

Han meiner Twitter-kommentaren til Djuvik er særs uheldig, og seier saka er for alvorleg til at Frp-leiaren burde kommentere den på Twitter i det heile teke.

- Eg er redd slike utspel frå politikarar på dette nivået kan vere med å gjere det lettare for andre å føre useriøse og flåsete debattar i alvorlege saker på internett, seier Nøringset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik

TEK IKKJE KRITIKK: Frank Willy Djuvik (Frp) står for kommentaren på Twitter.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg vert rasande galen

Men fylkesleiaren i Frp ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk i saka.

- Når menn eller kvinner trur dei kan ta for seg akkurat slik dei forlystar seg, då vert eg rasande galen, seier Djuvik til NRK.no.

Sjølv om han viste til ei konkret valdtektssak i twittermeldinga presiserer han at han ikkje meinte kommentaren konkret om denne saka.

- Eg seier ingenting om den personen er sikta eller noko, det får vere opp til rettsvesenet å avgjere, seier Frp-leiaren.

Held fast ved utspelet

- Dersom det viser seg at her har skjedd ei valdtekt, så står eg for absolutt alt eg har sagt, seier Djuvik til NRK.no.

Nøringset på si side meiner Djuvik burde halde seg for god til kommentere saka. Djuvik på si side ber Nøringset ta i bruk sosiale medium sjølv.

- Kanskje burde Norvall Nøringset sjølv ta i bruk sosiale medium og seie meininga si han og av og til.