Hopp til innhold

Frp-tommelen ned for Strynefjellet

Sogn og Fjordane Framstegsparti vil ikkje prioritere ny tunnel opp Strynefjellet.

Ospelitunnelen

IKKJE PRIORITERT: Den eine av dei tre tunnelane på riksveg 15 over Strynefjellet, Ospelitunnelen. Sjansane for at det kjem ny tunnel ser ut til å minke.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Drakampen om vegprosjekta i neste Nasjonal transportplan hardnar til, og håpet i Stryn har vore å få erstatta dei tre smale og farlege tunnelane på Strynefjellet med ein lang tunnel til ein prislapp på nær fire milliardar kroner.

Men fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Frp meiner ein heller må satse på Hemsedalsfjellet.

– Vi har hatt Strynefjellstunnelane oppe tidlegare og meint noko om det. Så har Hemsedalsalternativet kome, og det har vi teke omsyn til når vi prioriterer.

Lars Svein Drabløs med Frp-logo

PRIORITERER HEMSEDALSFJELLET: Fylkesleiar Lars Svein Drabløs i Frp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Greier ikkje alt

Lenge har det vore etterlyst ein ny tunnel opp fjellet til erstatning for dei tre smale og svingete tunnelane som ligg der i dag. Men under fylkesårsmøtet til Frp vedtok partiet å ikkje prioritere Strynefjellet, men heller gå inn for Stad skipstunnel, Kystvegen, Vikafjellet, E39 og E16/riksveg 5.

– Dette er iallfall våre prioriteringar, og dette er spelt inn til våre folk, og det er det dei jobbar med. Eg ventar at dei inviterer til eit samarbeid om prosjekta, og at det blir prioritert.

– Men kan vi leve med at tunnelane på Strynefjellstunnelane er så dårlege?

– Det er no ein gong slik at vi satsar mykje på samferdsel, men vi greier ikkje alt. Her er store utfordringar over heile fylket, og vi har gjort våre prioriteringar ut frå ei totalvurdering, seier Drabløs.

Kan hamne i bakleksa

Til helga er det regjeringspartner Høgre som har fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane. Etter det NRK kjenner til kan Strynefjellet som per i dag ligg inne med 400 millionar i Nasjonal transportplan ha hamna noko i bakleksa etter at debatten om stamveg over Hemsedalsfjellet i konkurranse med Hardangervidda kom opp.

Arve Mjømen

– MANGE GODE VEGPROSJEKT: Fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Avtroppande fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre er no forsiktig med å uttale seg om kva som skjer med kravet om ny Strynefjellstunnel med tre køyrefelt og arm til Geiranger.

– Behovet er så stort at eg vil gjerne at vi prøver å finne løysingar for begge delar. Men det er klart at Hemsedalsfjellet kjem til å bli den store korridoren diagonalt i fylket vårt, på lik linje med det E39 er tenkt å vere mellom Kristiansand og Trondheim.

– Når Sogn og Fjordane Høgre skal sette opp si liste over vegprosjekt som skal inn i Nasjonal Transportplan, vil de då sette Strynefjellet høgt oppe?

– Det står att å ta den diskusjonen. Det er mange gode vegprosjekt, vi har Vikafjellet som vi vil ha høgt oppe. Får ikkje det ei løysing no etter kvart er det eit veldig vonbrot.