Hopp til innhold

FrP seier ja til bompengar

Framstegspartiet vil stemma for den nye bompengepakken i Bergen både i bystyret og i fylkestinget.

Bomstasjon
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I dag blei det klart at FrP og Høgre i Bergen har blitt samde om ein bompengeavtale. FrP vil stemma ja, men til gjengjeld så skal det leggast meir pengar til veg inn i bompengepakken enn det som opprinneleg var planlagt.

Bompengepakka Bergenprogrammet var eit forlik mellom Høgre, KrF og Arbeidarpartiet i 2000. Dei tre partia har sidan stått saman om avtalen som opprinneleg gjekk ut på bygging av Bybanen, Ringveg Vest og Skansentunnelen.

Det opprinnelege forslaget som byråd Filip Rygg presenterte i slutten av januar inneheld i tillegg ei satsing på utbygging av sykkelvegnettet i byen og ein del mindre vegprosjekt.

Ap vil ha bybane i staden for tunnel

Sist veke varsla Arbeidarpartiet at dei ikkje ville stemma for byrådet sitt forslag for vidareføring av Bergensprogrammet.

Årsaka er at dei ikkje vil at vegtunnelen Skansentunnelen skal byggast. Arbeidarpartiet vil at dei 700 millionane som er sett av til bygging av tunnelen heller skal brukast til å vidareføra Bybanen til Åsane.

No har Høgre og KrF fått med seg FrP og den nye bompengesøknaden blei i kveld diskutert i komiteen for Miljø- og byutvikling.

Støttar for å unngå rushtidsavgift

– Me er som kjent primært i mot bompengar, men me vil likevel støtta dette fordi me ser at det elles kan bli snakk om rushtidsavgift, seier FrP-politikar Eilert M. Lund til NRK i forkant av møtet.

– Inne i avtalen ligg det no meir pengar til veg enn det som var utgangspunktet frå byråden si side. Difor kan me støtta dette, legg Lund til.

Hjellestadvegen med gang og sykkelvegar er viktig for partiet. Sandslikrysset skal gjerast om til toplankryss og Birkelandskrysset skal betrast ut. Dette har tidlegare ikkje ligge inne i byrådet sitt forslag.

– Dermed betyr det meir til veg, seier Eilert M. Lund.

Bad om utsetting

I komitemøtet i kveld kritiserte Geir Steinar Dale (Ap) byrådspartia for dårleg saksbehandling og bad om utsejing av saka.

– Avtalen mellom byrådspartia er ei heilt anna sak enn det som var utgangspunktet, seier Dale.

I komitemøtet røysta Høgre, KrF og FrP for avtalen dei blei samde om i dag, og dei får dermed fleirtal med ei røysts margin.

Ap og Sv røysta mot og Venstre avventar situasjonen. Raudt, Byluftlisten, Miljøpartiet de grønne og Senterpartiet er ikkje representerte i komiteen.

Håpar på breidt forlik

Den siste veka har også Venstre og Byluftlisten vore i forhandlingar med byrådspartia. Det såg lenge ut til at Venstre kunne bli samde med KrF og Høgre, men no er det lite som tydar på at Venstre vil støtta avtalen mellom dei tre byrådspartia.

Julie Andersland i Venstre seier at Venstre vil avventa saka og ikkje fremma eigne forslag. Venstre ønskjer eit breidast mogleg forlik i saka.