Hopp til innhold

Frp mister lister etter skandalane

I Vik, Askvoll og Høyanger har Framstegspartiet trekt listene for kommunevalet. Årsaka er at politikarane ikkje lenger ønskte å stå på listene etter skandalane som har herja partiet siste tida.

Frank Willy Djuvik

VILLE HATT FLEIRE: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik skulle ønske fleire ville stå på listene til Frp.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Her i fylket har ei kvinne skulda eit sentralt medlem av Framstegspartiet for seksuell trakasering.

Fylkesleiar i partiet Frank Willy Djuvik seier listene måtte trekkast då politikarane ikkje lenger ville stå på dei.

– Ja, vi mista tre lister den siste halvannan veke før fristen var ute. Det var lister som vi i utgangspunktet meinte vi var klare med, men så trekte folk seg fordi dei ikkje ønska å stå der på grunn av den situasjonen partiet var oppe i. Det hadde vi forståing for, men det var sjølvsagt synd, seier han.

Fem frå målet

Målet for Framstegpartiet i Sogn og Fjordane var å stille lister i 20 kommunar.

– Vi klarte berre 15. Det var ikkje fordi vi ikkje hadde personar til å stille, men fordi ingen ønska å stå på dei øvste plassane. Mange ville vise støtte ved å stå på lista, men dei ønska ikkje å ha framtredande plassane. Det gjorde at vi ikkje fekk dei fem siste listene.

Blir uglesett

Djuvik seier det kan vere mange grunnar til at folk ikkje vil vere toppkandidat for Framstegspartiet.

– Vi har hatt ei tøff tid dei siste vekene, men det er berre ein del av forklaringa. Det å drive med politisk aktiviet blir meir og meir uglesett blant mange folk. Det slit vi med i Framstegspartiet iallefall.

Tykkjer det er synd

Han meiner det er synd for demokratiet at folk ikkje kan stemme på Frp i alle kommunane.

– Ved siste val hadde vi godt over 9000 stemmer i fylket, så vi har mange sympatisørar. Det er utruleg synd at vi ikkje klarer å få fleire til å engasjere seg. Vi som parti har eit demokratisk ansvar at folk har anledning å stemme på oss. Vi er trass alt Norges nest største parti.