Hopp til innhold

Frp meiner ordføraren tar ting i feil rekkefølge

Førstekandidat for Bergen Frp, Marte Monstad, avviste i føremiddag å ha ei formell samtale med fungerande ordførar Eira Garrido (SV) om byrådsmakta.

– Eg har gitt tilbakemelding på at Frp meiner det er unaturleg på dette tidspunktet. Vi kan ikkje sjå at det er hennar oppgåve å peika på ein ny byrådsleiarkandidat all den tid Bakervik ikkje har meld sin avgang eller fått eit mistillitsforslag mot seg, skriv Monstad.

Marte Monstad i Bergen Frp
Foto: Silje Rognsvåg / NRK