- Her syner Frp sitt sanna ansikt. Dersom det er slik at det berre er trafikkmengda som skal avgjere om ein veg skal bli bygd eller ikkje, då blir det ikkje bygd mange vegar i fylket vårt, spår Sande.
"Høy kost/nytteeffekt"
Det Erling Sande viser til er ein merknad frå Framstegspartiet under avsnittet samferdsle i Regionalmeldinga. Der står det: "Disse medlemmene legger til grunn i sine vurderinger av prosjekter at de skal være lønnsomme. Det betyr at de har høy kost/nytteeffekt. I praksis betyr det at en vei hvor det går mye biler pr døgn - årsdøgntrafikk - vil bli prioritert foran bygging av veier med lav årsdøgntrafikk".
Åge Starheim - NRK-arkiv
Starheim avviser
Men førstekandidaten til Frp her i fylket, Åge Starheim, avviser at dette betyr at Sogn og Fjordane blir taparen i kampen om vegkronene dersom hans parti får meir makt.
- Viss det er nokon som har kjempa for midlar til samferdsle også i Sogn og Fjordane, så er det Frp. Det må vere fornuftig å investere midlane der behovet er størst, men i det ligg det ikkje at ein skal ha mindre pengar til Sogn og Fjordane, seier Starheim.