Hopp til innhold

Frp forstår at sjåførar bryt lova

Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Per Sandberg, har full forståing for at vogntogsjåførar bryt norsk lov.

Per Sandberg

Leiar i transportkomiteen, Per Sandberg, forstår at vogntogsjåførar bryt lova.

Foto: Åge Andre breivik / NRK

Bakgrunnen er dei mange tunnelane som er så låge at det er forbode for køyrety på over fire meters høgde . Politiet varslar fleire kontrollar, medan transportnæringa seier at dei ikkje kjem seg til eller frå om dei skal etterleve reglane.

- Det er klart at vi kan ikkje la oss styre av førarkort, kviletid og infrastruktur ut i frå EU sine forhold, seier Sandberg.

- Håplaust

Sandberg meiner regelverket som har bakgrunn frå EU, er håplaust.

Video nsps_upload_2008_10_29_20_26_56_527.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Norske forhold er litt annleis. Då må ein få lov til å ta høgde for det. Når lovverket er så umogleg, og det heller ikkje er eit norsk lovverk, seier han.

- Blir dei stogga, blir dei straffa

Statssekretær i samferdsledepartementet, Geir Pollestad, seier at sjølv om vegane ikkje tilfredsstiller krava, så skal sjåførane halde lova. Dette synet støttar også politimeisteren i Sogn og Fjordane, Johan Brekke.

- Det er klart at reglane i høve høgda på tunnelane er til for å haldast. Det gjeld også dei som gjeld tungtransport. Blir dei stogga av politiet, så vil dei bli straffa for det, seier han.

Vil satse

Saka byrja å rulle etter at brannsjefen i Stryn frykta ulukker i dei smale tunnelane over Strynefjellet . Eit syn også leiar i Tenden Transport, Rolf Olav Tenden, støttar .

Knut Mostad, som er dagleg leiar i Transportbedriftenes Landsforening i fylket, meiner at tunnelane er brannfeller og skjønar ikkje at det vert satsa på store nybygg i staden for oppgradering av eksisterande tunnelar. Samferdsledepartementet varslar at dei i den komande nasjonale transportplanen (NTP), vil satse på eksisterande tunnelar .