Hopp til innhold

Frp forlet politisk koalisjon på Bømlo

Etter å ha samarbeidd med KrF og Høgre sidan valet i haust, gjekk Frp fredag ut av koalisjonen i Bømlo kommune. Det skjer etter eit vedtak om å legge ned sjukeheimsplassane på Bømlo omsorgstun, skriv Bømlo-nytt.

– Dette er uheldig når me veit kva utfordringar me vil få litt fram i tid, seier Frode Urangsæter (Frp i ei pressemelding.

Han meiner nedlegginga av åtte plassar vil gjere det vanskelegare for alle som treng god eldreomsorg.

Etter ein kjensleladd debatt danna KrF og Høgre fleirtal for vedtaket saman med Ap og SV, ifølgje avisa. Kommunestyret står no utan ein fleirtalskonstellasjon.

– Få saker har vore så godt utgreidd som denne saka, påpeika både Jørgen Søvold (H) og ordførar, Morten Helland, i debatten, ifølgje Bømlo-nytt.