Håpar kulda har tatt knekken på småkrypa på turisthytta

I eit halvt år har veggedyr vore dei einaste gjestane på turisthytta Skålabu. No håpar turlaget at dei har klart å fryse ut dei ubedne gjestane og opnar for turglade tobeinte.

Skålabu på Skåla

SKADEDYRPROBLEM: Det var ikkje veggedyr ein hadde håpa på at skulle fylle denne turisthytta.

Foto: Frikk H. Fossdal

I slutten av oktober 2020 kom meldinga om at turlaget måtte stengje turisthytta Skålabu etter meldingar om at gjestar hadde blitt bitne av veggedyr når dei overnatta der.

No håpar dei at dei er kvitt problemet. Turisthytta på fjellet Skåla har stått tom heile vinteren i håp om å fryse ut veggedyra.

– Vi håpar at frosten har teke livet av dei. Vi kan ikkje vere hundre prosent sikre for det har ikkje vore så kaldt der oppe som vi hadde håpa, seier hytte- og rutesjef i Bergen og Hordaland turlag, Johnny Bjørge.

Om det ikkje har vore kaldt nok kan det bety at veggedyra kan kome tilbake. Frykta er at egg som har vorte liggande kan klekkast på eit seinare tidspunkt.

Turisthytta Skålabu på fjellet Skåla vart bygd i 2016, og ligg like ved det kjende Skålatårnet.

Skåla er 1848 meter høgt, ligg over Loen i Nordfjord og er eit ynda turmål. Store delar av stien opp går gjennom Jostedalsbreen nasjonalpark.

Skålabu

TURMÅL: Turisthytta Skålabu på fjellet Skåla vart bygd i 2016, og ligg like ved det kjende Skålatårnet.

Ber besøkande vere merksame

Turlaget har no opna for at gjestar kan tinge overnattingar på hytta. Likevel ber dei gjestar om å ha eit auge ope.

– Ta forholdsreglar når det kjem til bagasje. Helst ikkje ha det inne på soverommet for då er det fare for at ein kan dra det med seg heim, seier Bjørge.

Johnny Bjørge

HAR TRUA: Hytte- og rutesjef i Bergen og Hordaland turlag, Johnny Bjørge, kryssar fingrane for at veggedyr-problemet er over.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Skulle dei få tilbakemelding om at det er oppdaga meir veggedyr må dei vurdere om dei skal stengje att.

– Vi vil snarast mogleg ha tilbakemelding om nokon oppdagar noko, legg Bjørge til.

I verste fall kan dei måtte byrje med riving av hytta innvendig. Det er nemleg ikkje mogleg å fjerne dyra med kjemikaliar.

– Veggedyr er resistente mot insektmiddel. Det er kulde eller varme som er medisinen, eller å svelte dei ut, seier Bjørge.

Kryssar fingrane

– Eg håper at folk ønskjer å reise dit trass alt, seier Johnny Bjørge.

Sjølv om dei ikkje kan vere heilt sikre har dei trua på at dei no har fått bukt med problemet.

– Det var kanskje den beste hytta vi kunne få desse dyra på for her har det vore kaldt og vi har tru på at kulda kan ha tatt livet av dei, fortel Bjørge.