Hopp til innhold

Mora er bekymra for Frøya (2). Barnelege ber foreldre senke skuldrene

Frøya (2) er fødd med tronge lunger og overproduksjon av slim. No har mora gått ut på Facebook i eit forsøk på å vekke alvoret i folk.

Frøya Neerland Skarstein sit i ein stol og ser ikkje heilt frisk ut.

BEKYMRA: Lise Lauvås Neerland er bekymra for kva som kan skje om dottera Frøya vert smitta av korona. – Den største frykta er at ho skal få korona, for vi veit ikkje korleis ho kjem til å takle det.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Eg opplever at veldig mange tek for lett på dette. Folk tenker: Det rammar ikkje meg, for eg er frisk. Men ein må tenke lengre enn seg sjølv, for det finnast folk som ikkje toler dette.

Lise Lauvås Neerland er svært bekymra for dottera si. Frøya tilhøyrer ei av risikogruppene ved koronasmitte og ingen veit heilt sikkert korleis minstemann i familien vil takle å verte smitta av viruset.

Lise Lauvås Neerland med minstedottera Frøya på armen og eldstejenta Arya framføre seg.

ISOLASJON: Lise Lauvås Neerland med yngste dottera Frøya på armen og eldstejenta Arya. Frøya er i full isolasjon i heimen og foreldra byter på ansvaret.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

No gjer dei alt i si makt for å halde ho unna sjukdomen, men dei er avhengige av at alle er med på dugnaden.

– Kvifor er du ikkje heime når du har ei dotter i risikogruppa?

– Det er fordi eg arbeider på sjukehuset i Førde og der treng vi alle. Eg har sjølvsagt lyst til å gjere jobben min. Samstundes har eg veldig lyst til å vere heime og isolere ho for alt eg kan her i verda, sjølvsagt. Ho er trass alt ungen min.

– Born taklar dette bra

Sjølv om mange foreldre til kronisk sjuke born no er uroa, er det mykje som tyder på at dei aller fleste born, også kronisk sjuke, taklar koronaviruset mykje betre enn dei gamle.

På Helse Norge sine nettsider skriv norske helsemyndigheiter dette om born som har vorte smitta med korona:

«Born ser ut til å få mild sjukdom, og det er så langt heller ikkje vist at born med kronisk sjukdom får alvorleg forløp av covid-19.»

Barnelege Anders Bjørkhaug smiler.

SENK SKULDRENE: – Taldata som vi har fått frå Italia og Kina viser at desse borna ikkje er overrepresentert blant dei alvorleg sjuke borna, forklarer barnelege Anders Bjørkhaug i Førde.

Foto: Privat

Anders Bjørkhaug er barnelege i Helse Førde. Han ønskjer at foreldre skal senke skuldrene og slappe litt av. Fordi det er betydeleg færre born som vert alvorleg sjuke av korona, enn vaksne.

Og det er ingenting som tydar på at kronisk sjuke born er i større risiko for alvorleg sjukdom enn andre born.

– Taldata som vi har fått frå erfaringar i Kina og Italia tydar på at dei aller fleste born taklar denne infeksjonen relativt godt. Det er tryggande for oss å høyre. Denne informasjonen prøver vi å dele med foreldra til sjuke born.

Samstundes kan han fortelje at born med kroniske lungesjukdomar vert hardare råka når dei får vanlege virusinfeksjonar og kan vere sjuke i vekevis av forkjølingar som andre born raskt vert friske av.

– Då kan ein seie at det kanskje er auka risiko for at dei vert alvorleg sjuke, men vi trur og håpar at born taklar infeksjonen betre enn gamle. Og at risikoen for komplikasjonar ikkje er så store.

Rådet hans er å ta vare på handhygienen og elles følgje råda til Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Margrethe Greve-Isdahl er spesialist i barnesjukdommar ved Folkehelseinstituttet.

– Barnelegen svarer heilt i samsvar med den erfaringa vi har med denne sjukdommen, og han er oppdatert på den internasjonale situasjonen. Så langt ser covid-19 ut til å vere ein alvorleg sjukdom for eldre og eldre med kronisk sjukdom, ikkje born og born med kronisk sjukdom.

Har fått enorm støtte på Facebook

I eit forsøk på å nå ut til folk med bodskapen sin, har mamma Neerland lagt ut ein post på Facebook med sterke bilete av den febersjuke dottera si.

– Ho må få pustehjelp og hjelp til å opne lungene når det er på sitt verste. Planen er at ho skal verte undersøkt for barneastma, men ho er for lita til å ta testen endå.

Innlegget har på få dagar spreidd seg som eld i tørt gras. Fleire hundre har kome med kjærlege ord til Frøya og familien. I skrivande stund har posten nærare 10.000 likarklikk og har vorte delt over 6100 gangar.

Merksemda har sett i sving ulike kjensler hjå familien.

– Det er godt å kjenne at vi når ut til folk, men vondt fordi ungen vår er i ein sårbar situasjon. Målet er at folk skal få opp auga. Folk må få sjå at det finnast små, sårbare som også kan verte hardt råka av viruset.

– Skal forsøkje å senke skuldrene

Mamma Lise Lauvås Neerland er positiv til det barnelegen seier, men ønskjer ikkje å ta nokon sjansar.

– Dette er sjølvsagt gode nyheiter, men det er klart att når ein har eit allereie utsett born så vert ein ekstra paranoid. Når han plutseleg seier trur og håper i staden for at det er noko heilt handfast, blir usikkerheita verande der. Men eg tek det til meg, og skal forsøke å senke skuldrene, fortel Lauvås.