Hopp til innhold

Frøya (20) meiner at straumprisen førte til «murring» i kollektivet – slik løyste dei det

I studentkollektivet i Sogndal bur fem individ med fem ulike liv. Då prisane på straum byrja å stiga, måtte dei ta praten.

Sigrun Scheving Aas og Frøya Rydland Aase

SKAFFA KUNNSKAP: Frøya Rydland Aase (20) (t.h.) og resten av kollektivet fann ut kva dei brukte mest straum på og når straumen var dyrast. Då vart det lettare å hanskast med.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Ein vil ha det varmt på badet, medan ein annan skrur av varmekablane for å spara straum.

Ein har eit stort soverom som skal varmast opp, ein annan eit lite.

Ein vil ha alle dører lukka, for å berre varma opp romma som er i bruk.

Dei har ikkje blitt uvener, men noko har ulma i kollektivet.

– Det vart ikkje uttrykt dårleg stemning. Det var nok meir småirritasjon, seier Frøya Rydland Aase (20).

Ho bur i eit stort, eldre hus, saman med fire andre studentar. Og dei deler på straumrekninga.

– Straum blei ein snakkis, seier ho.

Frøya Rydland Aase lagar middag

FEM MIDDAGAR: Når fem studentar med ulik timeplan bur saman, lagar dei gjerne middag kvar for seg. – Det har eg ikkje reflektert så mykje over tidlegare, seier Frøya Rydland Aase.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Ikkje vits å irritera seg

Dei er truleg ikkje aleine om «murringa». For rundt halvparten av norske stundar bur i kollektiv. Men dei fann ein løysing.

Sambuaren Sigrun Scheving Aas (27) las seg opp og fann ut kva dei brukar mest straum på og når straumen er dyrast.

– Me kom fram til at det ikkje er vits i å irritera seg dersom enkelte vaskar mykje klede i løpet av ein dag, for det er ikkje det som tek mest straum.

Dei fann ut at oppvarming er sentralt.

– Me var samde om at me skulle kjøpa godt med ved.

Sigrun Scheving Aas og Frøya Rydland Aase

SAMTALE: Straum vart ein snakkis i kollektivet til Sigrun Scheving Aas (t.v.) og Frøya Rydland Aase. No er både irritasjonen og straumforbruket blitt mindre.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Brukar mest på oppvarming

Administrerande direktør Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber bekreftar at me brukar mest straum på lading av elbil og oppvarming.

– På slike dagar som no kan 70–80 prosent av straumen gå til oppvarming og varmt vatn, seier han.

I studentkollektivet har dei blitt meir medvitne kring straumbruken sin.

Dei held dører til rom som ikkje er i bruk lukka, dei har skrudd ned varmekablane, og dei har blitt meir samstemte.

– Eg tenkjer over at eg ikkje kan ta ein lang dusj når straumen er dyrast, seier Aase.

I alt har dei klart å kutta forbruket sitt med om lag ein fjerdedel.

Studentane: – Snakk saman

Det kjem likevel med ein bismak. For rekninga er framleis dyr.

Studentane i Sogndal brukte 2000 kWh og betalte 226 kroner kvar i oktober i fjor. Same månad i 2021 var forbruket nede i 1400 kWh, men prisen vart 556 kroner på kvar.

– Det er litt bittert. Me brukar langt mindre straum, men me betalar mykje meir, seier Aase.

Oppmodinga til andre kollektiv er klar. Snakk saman!

– Viss ein person byrjar å gjera nokre tiltak og så tipsar dei andre om det, så byrjar nok dei andre med det også, seier Aas.

Sigrun Scheving Aas legg i omnen

OPPVARMING: Sigrun Scheving Aas (27) las seg opp og fann ut at oppvarming er sentralt.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Smartare forbrukarar

Fleire straumselskap melder at nordmenn har blitt smartare straumbrukarar.

– Interessa for å følgja med på timeprisane og eige forbruk i appen vår har auka enormt den siste tida, seier kommunikasjonsrådgjevar Jon Eikeland i Fjordkraft.

Tibber har også merka auka trafikk.

– Me får ikkje dei store toppane som me ser elles i 16-17-tida. Veldig mykje av trafikken flyttar seg utover andre delar av døgnet, seier Aksnes

Han viser til at då det var prisrekord måndag, kunne kundane spara eit par hundre kroner på å lada elbilen på kvelden.

Han meiner også det er andre grep du kan gjera, utan at det går ut over branntryggleiken.

Som til dømes å skru ned temperaturen ein grad eller to på natta. Eller bruke alternative varmekjelder om du har moglegheit til det.

Vegard Gillestad Edgeir Aksnes og Inge Rotnes fra Tibber

ENDRA MØNSTER: Edgeir Vårdal Aksnes, administrerande direktør i Tibber, seier at kundane følgjer med på straumbruken sin i større grad enn tidlegare.

Foto: Espen Breivik / NRK