Hopp til innhold

Frost skapte trøbbel

Frå klokka 10 i dag skulle publikum få køyre gratis med den nye bybane-linja mot Fyllingsdalen i Bergen.

– Men dette tilbodet har enno ikkje kome i gang på grunn av at is på køyreleidningen har skapt trøbbel, seier pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss til NRK i 10:40-tida.

– Vi veit at mange passasjerar ventar på dei ulike stasjonane for å prøve banen, seier ho.

Det har blitt jobba med å fikse problemet og litt over ein time forseinka er bybanen i gang.

– Klokka 11:10 kunne den første turen starte, seier ho.

Bybanelinja blei offisielt opna fredag, og linja skal opne for normal drift frå i morgon.

Bybanestopp Haukeland
Foto: Silje Rognsvåg / NRK