To personar lettare skadd etter frontkollisjon i Måbødalen

Tre bilar kolliderte i Måbøtunnelen på riksveg 7. Vegen er no opna igjen.

Trafikkulykke i Måbødalen oktober 2018

KØ: Vegen var lenge stengd etter ulykka i Måbøtunnelen.

Foto: 03030-tipser

Naudetatane rykka klokka 13.19 ut til ei trafikkulukke i Måbødalen på riksveg 7 i Eidfjord.

To personar, ein 30 år gamal mann og ei 24 år gamal kvinne, blei lettare skadd i ulykka, opplyser Helse Bergen i ei pressemelding torsdag kveld.

Ulukka skal ha skjedd i Måbøtunnelen og det tre bilar var involvert. Det er snakk om ein frontkollisjon. Riksveg 7 blei stengd etter ulykka, men er no opna igjen.

– Totalt tre personar var involvert. Ein person var medvitslaus etter ulukka, opplyste operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

To til sjukehus med lettare skader

Ingen av personane har vore fastklemde etter kollisjonen.

Klokka 14.00 opplyste politiet til NRK at to personar hadde blitt køyrt til Voss sjukehus.

– Det er ein mann og ei kvinne. Mannen har fått lettare skader, medan skadeomfanget for kvinna er ukjent, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Den tredje personen skal ha kome frå ulukka utan skader. 110-sentralen melde om lekkasjar i tunnelen og at det blei rydda på staden.

Laster kart, vennligst vent...