Maud Angelica Behn, Erik Thorstvedt og Kristoffer Joner er blant ansikta du ser i Helse Vest sin nye kampanje for å førebygga sjølvmord.
Det er snart eit år sidan Ari Behn tok sitt eige liv. I gravferda i januar imponerte dottera, Maud Angelica Behn, heile Noreg med ein sterk minnetale i seremonien.
– Eg vil seie til alle som har gått gjennom dette: det finst alltid ein utveg. Sjølv om det ikkje følast sånn. Det er folk der ute som kan hjelpa. Du kan få hjelp. Eg ber deg med heile mitt hjarte, sjel og kropp: spør om hjelp, sa ho blant anna.
– Du veit det er ekte
Ho har blitt hylla for openheita ho viste rundt farens død. No er ho blant fleire kjende fjes i den nye kampanjen.
STERK TALE: Behn heldt tale i pappa Ari si gravferd i januar.
– Du veit at det er ekte. Det treffer veldig hardt. Det er ein personleg bakgrunn, og det er kanskje viktigare enn noko anna, seier Kristin Bergersen, kommunikasjonssjef i Mental Helse, som rosar Behn opp i skyene.
– Det at ho har den styrken til å fronta ein slik kampanje, er heilt fantastisk.
Også Marco Elsafadi, Myra og Alexandra Gjerpen er ansikta som frontar kampanjen.
MAUD ANGELICA: Ho er ein av kjendisane som frontar kampanjen som er lagt ut på YouTube.
– Snakk om det
At det er personar me «kjenner», gjer det lettare å ta til seg bodskapen, fortel psykologspesialist Stig Magne Solstad
– Det er lettare for oss å ta i mot informasjon om det kjem frå nokon ein kjenner og stolar på. Dei færraste av oss kjenner dei personleg, men på same tid blir me kjende med dei gjennom media og TV, seier Solstad.
Han er ein av dei som har vore med å utvikla kampanjen.
Trur folk stoppar ved kjende ansikt
I gjennomsnitt har 600 personar kvart år teke sitt eige liv i Noreg mellom 2014 og 2018. Juletida er ekstra utsett, og kanskje spesielt i år. Korona og sosiale restriksjonar gjer mange meir isolerte, og mange har også det trongt økonomisk.
– Mange tenkte kanskje i starten på pandemien at me skulle greia nokre månader. No har det vore lang tid med ganske innskrenkande tiltak og mindre sosiale moglegheiter, så no tærer det kanskje meir på folk, seier Solstad.
Helse Vest er takknemlege for at Maud Angelica Behn og dei andre medverkande har sagt ja til å fronte bodskapet i kampanje, seier kommunikasjonsrådgjevar Camilla Loddervik.
Ho meiner dei bidreg til å synleggjere at det er heilt vanleg å ha periodar med tankar om at livet ikkje er verdt å leve og at det finst hjelp å få.
– Fleire av desse personane har engasjert seg sterkt i denne tematikken. Sjølvmord er eit litt tabulagd tema. Å stoppa ved ein plakat på eit busstopp med bilde av Erik Thorstvedt, er kanskje litt lettare enn om det berre står tekst der, seier ho.