Hopp til innhold

Forbipasserande sløkte brann i bil etter frontkollisjon

To personbilar har kollidert i Klettatunnelen på riksveg 5, rett utanfor Førde sentrum. Den eine bilen byrja å brenne, men forbipasserande klarte å sløkke brannen.

Bilberging etter ulukke i Klettatunnelen, riksveg 5 frå Førde

BLÅLYS: Den eine av dei to bilane som kolliderte vert frakta vekk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det som var meldinga var at det var to bilar involvert. Den eine hadde køyrd i den andre bakfrå midt inne i tunnelen og det tok til å brenne i den eine, seier Jan Gunnar Holvik, vaktleiar på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

To personar har blitt tatt med til legevakta med ambulanse for sjekk.

Tunnelen var stengt i ein periode etter ulukka, men er no opna att.

Kø, riksveg 5, Førde, kollisjon Klettatunnelen

KØ: Det vart lange køar frå Førde sentrum mot Klettatunnelen, som følge av ulukka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Bilberging etter ulukke i Klettatunnelen, riksveg 5 frå Førde

BULK: Den eine av bilane som var med i ulukka.

Foto: Oddmund Haugen / NRK