I løpet av dei 10 siste dagane har 20 kattar blitt levert til organisasjonen, og leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Randi Aarethun, seier dei frivillige må ta med kattane på ferie.
Med pus på hytta
- Det er så fullt at vi må ta med oss dyr på hytta for å få reist på ferie sjølv. Og telefonen ringer heile tida, så vi kan ikkje vere i område utan dekning, seier Aarethun.
- Steriliser katten
Randi Aarethun. Arkivfoto©NRK
Kattane ynglar om sommaren og det er årsaka til at pågangen er større no. Leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, Randi Aarethun meinar folk bør bli flinkare til å oppsøke dyrlege få katten sterilisert.
- Det er folk frå heile fylket som ringer oss og seier at dei har funne kattungar. Vi skal prøve å hjelpe så godt vi kan, men folk må og hjelpe oss. Dei som har katt må vere bevisste og ansvarsfulle eigarar. Folk må sterilisere kattane slik at vi sleppe dette problemet, seier Aarethun.