– Dei som sit på kontor og legg premissane for politikken, er skjerma frå den røyndomen vi opplever, seier Hole.
Jan Leon Hole har over 20 års erfaring som miljøarbeidar. Som mange andre konstaterer han at trenden er tydeleg - ungdomsrusen er eit aukande problem.
Han meiner altså at fritt skuleval stikk kjeppar i hjula for rusførebygging blant ungdom.
Flinkingane fortrenger andre
Det er fylkeskommunane som seier ja eller nei til modellen med fritt skuleval, der dei som må flytte på hybel fritt kan velje kva skule dei vil gå på – dersom dei har gode nok karakterar.
– Dei populære skulane blir fylt opp med flinkingar frå heile fylket, medan dei med dårlegare karakterar må reise til småstadar og bu på hybel, seier Hole.
Og hybellivet kan vere vel utfordrande for ein 16-åring som har hamna på ein slags oppsamlingsskule for dei med dårlegast karakterar.
– Då er det lettare å hamne på skråplanet enn elles, trur Hole.
– Lær av oss
– No er det viktig at politikarane lærer av slike som oss og ikkje berre høyrer på dei skjerma folka på kontora, seier Hole.
- Ikkje fritt skuleval
Leiar i hovudutvalet for undervisning i Sogn og Fjordane, Knut M. Olsen, deler uroa over at hybelbuarar rusar seg. Men Olsen understrekar at vi ikkje har heilt fritt skuleval i fylket, men ein kombinasjon av fritt og styrt skoleval.