Hopp til innhold

– Fritt behandlingsval ueigna for pasientar

– Fritt behandlingsval kan gjere at pasientane fell utanfor systemet, seier fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest.

Pasient

KAN VELJE SJØLV: Fritt behandlingsval inneber at pasientar sjølv kan velje mellom offentlege og private sjukehus. Men pasientar utan klare diagnosar kan skape krøll i systemet, fryktar Helse Vest.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Årsaka er at det store fleirtalet av pasientar ikkje har ein klar diagnose når dei blir tilvist, og då veit ein ikkje kva behandling dei treng, seier Schem.

Helsemininster Bent Høie (H) la før sommaren fram eit forslag om fritt behandlingsval, noko som ifølgje regjeringa skal redusere ventetidene, auke valfridomen for pasientane og stimulere dei offentlege sjukehusa til å bli meir effektive.

Høyringsfristen går ut i dag. Her er hovudpoenga i forslaget:

  • Etter bestemte reglar får pasientane sjølv velje om dei vil bli behandla av det offentlege eller det private.
  • Godkjente institusjonar skal bruke meir privat kapasitet gjennom å kjøpe inn tenester på anbod.
  • Offentlege sjukehus vil få større fridom gjennom at aktivitetstaket blir fjerna. Dermed kan sjukehus som har økonomi og kapasitet til det, behandle fleire.

«Pasientane kan gå seg vill i systemet»

Baard-Christian Schem

KRITISK: Baard-Christian Schem i Helse Vest, er redd fritt behandlingsval hos private vil føre til at pasientar går seg vill i systemet.

Foto: Helse Vest

– Ordninga bør omfatte pasientar der me veit kva behandling dei treng, ikkje pasientar som har ein uavklara tilstand, seier Baard-Christian Schem i Helse Vest.

Høie har fått mykje kritikk for framlegget, og tidlegare har Helse Nord og Helse Sør-Øst uttalt seg negativt. No kastar Helse Vest seg på.

Svært få av pasientane som kjem til eit offentleg sjukehus har ei klar diagnose. Dersom pasienten har grå stær, skeiv stortå eller åreknutar, då veit alle kva pasienten treng, og fritt behandlingsval kan fungera, ifølge Helse Vest.

Men dei aller fleste pasientane kjem til sjukehus utan diagnose og avklart behandlingsbehov. Tung pust, svimmel eller vondt i ryggen kan bety så mykje.

Schem nemner som døme at kronisk diaré kan vere symptom på fleire titals ulike tilstandar, som skal ha heilt ulik behandling. Heile 80 prosent av somatiske pasientar har uavklart tilstand når dei vert tilvist til sjukehus.

For dei er ordninga med fritt behandlingsval ikkje eigna før dei er undersøkt og vi veg kva behandling dei treng, seier fagdirektøren i Helse Vest.

– Me er redd for at desse pasientane kan bli gåande imellom ulike klinikkar og sjukehus, eller i verste fall forsvinne ut av systemet dersom me sender dei vidare, seier fagdirektøren.

Innførast gradvis

Regjeringa har bestemt seg for å først innføre ordninga for rusbehandling og psykisk helsevern allereie frå årsskiftet. Men dei to gruppene har komplekse og uavklarte behandlingsbehov, meiner Helse Vest.

Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie har sidan før sommaren sagt at fritt behandlingsval skal innførast gradvis.

– Dette er først og fremst å gje pasientane makt på kostnad av systemet, seier statsminister Erna Solberg.

– Så skal me gradvis utvida den til å gjelde anna sjukehusbehandling, seier helseminister Bent Høie.

– Skal ikkje gjelde alle

Når høyringsfristen går ut i dag, er det klart at motstanden mot ordninga er stor. No seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen at det ikkje er meininga å tilby fritt behandlingsval for alle pasientgrupper.

– Dette er ikkje meint å vere ein allmenn ordning for alle pasientar. Dette er meint som ein sikkerheitsventil for pasientar som må vente for lenge, seier Erlandsen.

– Skal det altså ikkje fasast inn i alle delar av spesialhelsetenesta?

– Eg ventar på mange gode høyringssvar, så får me sjå korleis me fasar dette inn vidare. Uansett trur me ikkje at dette er for dei fleste, seier ho.

Helse Vest meiner departementet gjer klokt i å avgrense bruken av behandlingsval.

– Me ser at det ofte er menneske med samansette behov med fleire sjukdomar samstundes. Her er ei rekkje ting som må avklarast, før ein kan seie kor pasienten er tent med å bli behandla, seier Schem.