Hopp til innhold

Frisøren til Eirill er med på ein skjerm 17 mil unna

No kjem tilbodet til dei som av ulike årsaker ikkje ønsker å oppsøke frisøren.

Eirill, Turid Helen og frisør

KLIPP: Luggen til Eirill må bli klipt rundt kvar sjette veke. Men det er eigentleg berre i helgane familien har tid til det.

Foto: Tony Ågotnes/NRK

Turid Helen Felli Lunde frå Bergen vil lære korleis ho best skal klippe luggen til dottera Eirill på 8 år.

Opplæringa får ho ikkje i ein vanleg salong, men frå ein nettfrisør som skal rettleie over video, og som sit i Førde 17 mil unna.

Frisørkjeda Floke er blant dei første i landet som startar opp tilbodet. Så langt har dei fått god respons frå kundane.

Frisøren gir eit tilbod til dei som av ulike årsaker ikkje ønsker å fysisk oppsøke frisørsalongen.

Turid Helen

Enkelte ønsker å utføre klippen utan å fysisk oppsøke frisørsalongen, meiner frisørkjeda Floke.

Foto: Tony Ågotnes/NRK

Kunden får så rettleiing over nett på korleis ein klipper seg sjølv eller andre.

Turid Helen har klipt dottera før, men sist gong blei ikkje resultatet mykje å skryte av.

– Luggen blei klipt sånn i sikksakk, så han blei kjempestygg, fortel Eirill.

For mora er det motiverande å lære å klippe dottera Eirill på denne måten, fordi ho då vil kunne spare tid i ein elles hektisk kvardag.

Før klippen med fjernfrisør

Eirill Felli Lunde (før klippen)

...etter klippen med fjernfrisør

Eirill Felli Lunde (etter klippen)

Fryktar for kvaliteten

Bransjeforeininga Norske frisør- og velværebedrifter applauderer ikkje det nye tilbodet.

Administrerande direktør Anne Mari Halsan meiner den faglege kvaliteten på handverket vert borte når det er kunden sjølv, og ikkje frisøren, som klipper håret.

– Frisørane har ei god grunn- og vidareutdanning. Det beste er å gå til ein frisørsalong der du får ei trygg og fagleg behandling, og ikkje gjere dette heime, seier ho.

Gründer og administrerande direktør i Floke, Irene Stana, forstår kritikken, men ho meiner koronaperioden har vist at behovet hos kundane har endra seg.

Det finst kundar som av ulike årsaker ikkje har tid, ressursar eller kan ta turen til ein vanleg frisørsalong.

For enkelte kan det og vere ubehageleg å vere ute blant folk.

Stana meiner det er betre med ein nettfrisør, enn at kunden ser ein rettleiingsvideo på YouTube.

– Eg driv ni salongar sjølv, og eg er ikkje redd for å skyte meg sjølv i foten med dette tilbodet.

Eirill blir klipt.

Når mora til Eirill (8) får rettleiing over nett, slepp ho å oppsøke frisøren neste gong.

Foto: Tony Ågotnes/NRK

Unngår tidsklemma

Eirin Pedersen ved OsloMet har forståing for at enkelte vel eit slikt tilbod.

Ho har forska på korleis tidsklemma påverkar kvardagen til barnefamiliar.

Pedersen viser til at mange opplever at dagane er oppdelte i etappar, der jobb- og skuledagen blir avløyst med nye aktivitetar utanfor heimen.

– Det at ein kan sleppe å gå til frisøren, kan gi rom til meir aleinetid med familien.

Turid Helen er sikker på at ho også framover vil klippe dottera. Det sparar tid, og familien kan bruke vekedagane til andre ting enn å ta seg tid til frisørtime.

– No har nettklippen lært meg korleis eg gjer det, og då kan eg øve meg når eg har tid elles.