Frisør blir nekta å servere alkohol

Coco Frisør på Nordfjordeid ønskjer å servere alkohol til kundane sine. Men kommunen seier nei.

Coco Frisør på Nordfjordeid ønskjer å servere alkohol til kundane sine. Men kommunen seier nei.

FEKK AVSLAG: Frå før kan dei tilby kundane kaffi til klyppen. No ønskjer Berit Adelsten Engebretsen ved Coco Frisør å leggje alkoholhaldige drikkar til menyen. (Foto: Jørgen Eide/NRK. Redigering: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK)

Berit Adelsten Engebretsen ved Coco Frisør seier alkoholservering er noko kundane spør etter. Frå før driv dei òg kaffibar i sine lokale.

– Vi ønskjer å skape liv og røre, ein stad der folk trivst og har lyst å bu, seier ho.

Stor støtte på Facebook

Utan at dei har medverka til det, har det blitt vekt eit sterkt folkeleg engasjement for saka på sosiale medium. Ei støttegruppe på Facebook fekk 800 følgjarar allereie dagen den vart oppretta.

– Det er tydelegvis eit stort ønskje blant folket om noko slikt, seier Adelsten.

Jostein Huneide (H) er leiar i driftsutvalet til kommunen. Han seier det ikkje er rom for å gje ein frisørsalong skjenkeløyve, slik regelverket er i dag.

Jostein Huneide (H)

SEIER NEI: Jostein Huneide (H) seier kommunen ikkje har høve til å opne for alkoholservering i ein frisørsalong.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Ein butikk som har hovudinntekta frå andre ting, kan ikkje servere alkohol, seier han.

Samstundes er han oppteken av å behandle alle likt.

– Gir vi dei serveringsløyve, så vil nestemann ha det same. Vi vil gjerne ha ein plan for det på plass, før vi tillèt noko, seier Huneide.

Opnar for endring i framtida

Engebretsen ved Coco Frisør meiner ruspolitikken i kommunen er overmoden for ei oppmjuking. Ho trur folk er blitt vante med å kunne kose seg med litt godt i glaset, både frå sydenferiar og bybesøk. Og ser ikkje kvifor folk i Eid ikkje kan gjere det same.

Sjølv etter eit klart nei frå politikarane, har ho ikkje gjeve opp kampen.

– Eid kommune må endre seg med tida, seier ho.

Og Jostein Huneide i driftsutvalet opnar døra på gløtt for endringar. Men det kan først skje til neste år, under eit nytt kommunestyre. At det går mot oppmjuking trur han er sannsynleg.

– Eg tippar at lova kjem til å opne for det når vi handsamar saka igjen, seier han.