Hopp til innhold

Her er ein som IKKJE vil flagge ut produksjonen av bunadane

Stadig fleire av bunadene som nordmenn tek på seg 17. mai er sydde i lågkostland. Men på Nordfjordeid held Frislid stand som heilnorsk bunadsprodusent.

Inge Per Smørdal i Frislid Herreekvipering med herrebunader

BUNADER ER VIKTIGE: Dagleg leiar Inge Per Smørdal i Frislid Herreekvipering.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den 17. mai kler tusenvis av nordmenn seg i bunad. Men dersom bunaden er av nyare dato, er det svært sannsynleg at heile eller delar av festdrakten er sydd i land som Estland, Latvia, Thailand eller Kina.

400 herrebunader i året

I Norge er det i dag berre nokre få store bunadsprodusentar att. Hos Frislid på Nordfjordeid nektar dei å flagge ut bunaden.

I Eidsgata på Nordfjordeid finn vi Frislid Herreekvipering. Ei bjølle over døra varslar at det kjem kundar, den daglege leiaren går med måleband rundt halsen. Alt dette og namnet på forretninga er som frå ei svunnen tid.

Sidan 1947 har Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid produsert og selt herrekle. Dei siste åra har også bunader blitt viktige, fortel dagleg leiar i Frislid Herreekvipering, Inge Per Smørdal.

– Bunadsavdelinga vår er blitt vårt andre bein å stå på. Vi produserer i dag 30 ulike herrebunader, frå nord til sør og frå aust til vest, rundt 400 herrebunader i året.

Frislid Herreekvipering på Nordfjordeid

LANG TRADISJON: Frislid Herreekvipering i Eidsgata.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nektar å flagge ut

Dei fleste som driv bunadsproduksjon i større skala har dei siste åra flytta mykje av produksjonen utanlands. Men ikkje Frislid.

– På herresida er vi ein av dei få attlevande produsentane av noko storleik som produserer i Norge. Elles er det i Latvia, Thailand og Kina bunadene blir laga.

I etasjen over butikken blir det sydd 40 damebunader i året.

– Av det som skal ut til 17. mai er vi i ferd med å levere ut dei siste plagga i dag.

Det er likevel herrebunader Frislid har satsa stort på. I dag er nordfjordverksemda ein av landets siste storleverandørar av heilnorske bunader for menn.

– På herrebunadsida har vi eit potensial som iallfall er det doble, kanskje tredoble av det vi produserer i dag.

Kvifor har de blitt verande på Nordfjordeid med denne produksjonen?

– Eg trur det er ein kombinasjon av høg servicegrad, kort leveringstid på serviceproduksjon og nærleik til marknaden. Vår strategi seier at vi skal produsere i Norge.

Dagleg leiar Rune Taklo på Frislid Konfeksjon

STOLTE OVER PRODUKTET: Dagleg leiar Rune Taklo på Frislid Konfeksjon.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Produkt det er knytt kjensler til

Vi kjem inn i produksjonslokalet til fabrikken Frislid Konfeksjon i utkanten av sentrum. Fabrikken og butikken har i dag ulike eigarar, men produksjonen av bunader held fram, seier Rune Taklo, sjef på fabrikken.

– Når bunadsordren kjem frå Frislid Herreekvipering er det ordrar vi brukar til å jamne ut produksjonskapasiteten vår. Vi fyller opp med bunader i periodar der vi har lite å gjere elles.

– Vi er stolte over at vi lagar eit kvalitetsprodukt, at det er laga i Norge, og at vi kan vise at det framleis går an å gjere slikt i Norge.

– Men freistar det ikkje å sy dette billeg i eit lågkostland?

– Ikkje slik som marknaden er i dag. Det er knytt kjensler til bunader, det er plagg som går i arv frå generasjon til generasjon. Difor er det viktig å lage bunaden i Norge.

Syerske Berit Rise på Frislid Konfeksjon

SYR PÅ NORDFJORDVEST: Berit Rise meiner bunadsproduksjonen bør vere i Norge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ved ei stor symaskin sit syerske Berit Rise. Ein grøn ullvest er i ferd med å ta form, nordfjordvesten. Ho meiner dette er produkt som ikkje bør flaggast ut.

– Eg synest det er kjempeflott at det blir produsert bunader i Norge, og slik bør det vere.

– Kva er favorittbunaden?

– Nordfjordbunaden, sjølvsagt.

Brodert «in China»

Men heller ikkje på Nordfjordeid skal ein gå langt for å finne bunader som delvis blir til utanlands.

I eit kjøpesenter eit par hundre meter ned i gata finn vi Bunadspesialisten. Der sit to kvinner. Rundt dei heng bunader på utstilling. Sjølve er dei opptekne å gjere ferdig ein damebunad.

– Vi broderer ikkje her, det har vi ikkje tid til, fortel Eva-Britt Albertsen hos Bunadsspesialisten. Dei får stoffet brodert i Kina.

– Kinesarane er utruleg flinke med hendene sine, og det er ikkje mange som kan slå dei på kvalitet.

Bunadsspesialisten på Nordfjordeid

IMPORT FRÅ KINA: Bunadspesialisten på Nordfjordeid med bunader broderte i Kina. T.v. Amalie Smørdal, t.h. Eva Britt Albertsen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK