Den no avdøde AUF-leiaren, Hanne Kristine Fridtun, fekk ein telefon frå NRK Sogn og Fjordane medan skytinga på Utøya pågjekk. Med bakgrunn i dette klaga foreldra hennar NRK inn for PFU, og hevda at redaksjonen i Sogn og Fjordane hadde brote god presseskikk.
PFU har tysdag handsama saka og har felt NRK Sogn og Fjordane for navngiving i nettartikkelen, men frikjent redaksjonen for å ha ringt AUF-leiaren på Utøya.
- LES OGSÅ:
Difor klaga foreldra NRK til PFU
Foreldra til Fridtun reagerte kraftig på at ein reporter hos NRK Sogn og Fjordane ringte til dottera deira medan ho var på Utøya.
Med bakgrunn i denne telefonsamtalen publiserte NRK Sogn og Fjordane ein nettartikkel klokka 18.41, der det kom fram at Fridtun ikkje kunne snakke høgt. Ho fortalde at ho hadde gøymt seg i vasskanten saman med 20 andre, og at dei høyrde skyting i bakgrunnen.
Telefonsamtalen skal ha funne stad i 18-tida, og foreldra meiner NRK burde ha skjønt at Fridtun då var i livsfare.
I PFU-klagen meinte foreldra at NRK på tidspunktet då artikkelen vart publisert burde ha skjønt at det var ein fare for at dottera ikkje lenger var i live.
– Saka reiser prinsipielle spørsmål om pressen sine retningsliner for kontakt med personar som er i situasjonar der det er fare for livet deira, skreiv advokatfullmektig Martin Eiebakke i PFU-klagen.
Hanne Kristine Fridtun var mellom dei omkomne under massakren på Utøya 22. juli i fjor.
Felt for nettartikkel
Sekretariatet i PFU hadde på førehand innstilt at NRK måtte fellast for artikkelen, og denne var skjerpa under diskusjonen i utvalet, skriv journalisten.no.
Utvalet legg vekt på at det gjekk lang tid frå artikkelen vart publisert klokka 18.41 den 22. juli, og fram til den vart fjerna neste dag klokka 19.54.
Utvalet meiner NRK i løpet av denne perioden burde ha forstått omfanget av situasjonen på Utøya og såleis fjerna artikkelen på eit tidlegare tidspunkt.
Frikjent for telefonsamtale
Medlemmene i PFU har også teke stilling telefonsamtalen som reporteren tok til Hanne Kristine Fridtun. Dei var alle samde om at det ikkje var mogleg for reporteren å forstå omfanget av det som skjedde på Utøya før ho ringte. Dette vart gjort med bakgrunn i meldingar på Twitter der det stod at det var skyting på AUF sin ungdomsleir.
– Eg synest det er vanskeleg å seie at det går an å klandre journalisten eller redaksjonen for å ha gått til den næraste og mest sentrale kjelda dei kunne tenkje seg. Vedkommande tok faktisk telefonen, sa journalistrepresentant Line Noer Borrevik under diskusjonen, skriv journalisten.no.
Det vart understreka at utvalet måtte ta utgangspunkt i den kunnskapen redaksjonen hadde om hendinga på dette tidspunktet. Dei seier vidare at ingen hadde føresetnad for å skjønne omfanget med ein gong.
– Det at reporteren ringte er ikkje noko presseetisk kritikkverdig som vi skal slå ned på, sa utvalsleiar Hilde Haugsgjerd.
Nøgd med avgjerd
Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen, er ikkje overraska over at NRK var felt for navngiving i nettartikkelen.
– Vi sa allereie i vårt tilsvar at det var feil av NRK å publisere ein nettartikkelen på det tidspunktet vi gjorde, med namnet til Hanne Kristine Fridtun, seier Sanne-Gundersen.
– Vi har også beklaga denne vurderinga. Vi har sagt det var ei feilvurdering, og det ligg også i det at vi fjerna artikkelen at vi sjølv meiner det var feil, seier Sanne-Gundersen.
Samtidig er han nøgd med at NRK blir frikjent i forhold til telefonsamtalen til AUF-leiaren. Samtalen har fått mykje merksemd i media.
– Vi må ha to tankar i hovudet i forhold til denne vurderinga. Det vi gjorde på det tidspunktet, altså å ringe leiaren i Sogn og Fjordane AUF som var på Utøya, var basert på eit tips på Twitter. Det var å sjekke ei sak, og det er noko journalistar gjer heile tida, seier Sanne-Gundersen og legg til:
– Så er det jo sjølvsagt slik at hadde vi visst kva som skjedde på Utøya så hadde vi aldri ringt.
Han er nøgd med at PFU har vurdert saka basert på den kunnskapen som redaksjonen hadde om hendinga då dei ringte. Gundersen seier dei har teke lærdom av hendinga.
– Vi har lært at i ekstreme situasjonar er det viktig å halde hovudet kaldt, og ta dei rette vurderingar. Det gjeld spesielt i forhold til namnebruk.