FRIKJENT FOR ANKLAGAR:

Visepolitimeister Gunnar Fløystad er frikjent for skuldingane om trakassering, skriv Bergensavisen. Ein politiadvokat gav i haust beskjed om at ein varslar i Monika-saka på eit møte vart omtala i negative ordlag av visepolitimeisteren. Politidistriktet har undersøkt påstandane og konkludert med at Fløystad ikkje kom med personangrep eller nedlatande kritikk under møtet.