Hopp til innhold

Frikjenner oppdrettar for å tappe ned naturreservat

Barlindbotn Settefisk er i Sogn og Fjordane tingrett frikjent for brot på Naturmangfaldslova og Vassressurslova.

Jagedalsvatnet september 2014

TØRRLAGD: Barlindbotn Settefisk hadde ikkje konsesjon til reguleringa dei gjorde frå 15. august til 26. september 2014, men meiner dei handla i naudrett for å halde liv i fisken sin.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Oppdrettarane i Eikefjord har hevda at dei handla i naudrett då dei etter den tørre sommaren i 2014 tørrla store delar av Jagedalsvatnet i Sandvikbotn naturreservat i Florø.

I seks veker i august og september 2014 tappa dei Jagedalsvatnet ned til 130 centimeter under lågaste reguleringsgrense.

Saka hamna i retten etter at oppdrettarane nekta å godta eit førelegg på 200 000 kroner, og inndraging av 1,8 millionar kroner etter at dei tappa vatnet for fire år sidan.

Barlindbotn Settefisk valde å tappe Jagedalsvatnet for meir vatn enn dei hadde lov til, for å halde i live 1.6 millionar smolt i det landbaserte settefiskanlegget inst i Eikefjorden.

Det var inga usemje mellom partane om at settefiskanlegget hadde tappa ned vatnet under lovleg grense, skriv Firda som først omtalte frifinninga.

Tvisten stod om dette kan ha ført til skade på dyr og planter som lever i strandsona inne i naturreservatet. Det vart lagt fram foto, også eldre flyfoto, og kart for å dokumentere dette.

I retten fekk Barlindbotn Settefisk medhald i at dei kunne bruke naudretten då vasstanden var så låg at nesten to millionar lakseynglar stod å fare for å stryke med.

Retten konkluderer og med at det etter dette ikkje er naudsynt for retten å ta stilling til om nokon av tiltalepunkta er forelda, om føretaksstraff eller spørsmålet om inndraging og sakskostnader.