Frigir namn på drepen 23-åring

Det var 23 år gamle Sunniva Borgen som døydde etter eit knivangrep i Åsane natt til 12. september. Familien vil no oppretta eit fond for å heidra hennar minne. Fondet skal ha som føremålå støtta arbeid til hjelp for unge, sårbare menneske.

– Sunniva viste gjennom livet sitt eit sterkt engasjement for barn og unge som av ulike grunnar, fysisk sjukdom, psykisk liding, vanskelege oppveksthøve, eller andre grunnar, hadde det vanskelig, skriv familien på minnesidene. Familien har via sin bistandsadvokat gitt NRK løyve til å bruka biletet og skriva namnet på avdøde.

Sunniva Borgen
Foto: Privat