Hopp til innhold

Frifinninga av kjøkkensjefen ved Selje Hotel blir ståande

Statsadvokaten kjem ikkje til å anke frifinninga av kjøkkensjefen etter brannen ved Selje Hotel i november i fjor.

Selje hotel i brann

HOTELLBRANN: Brannen ved Selje Hotel i november i fjor var påsett.

Foto: Alvin Honningsvåg

– Min klient er sjølvsagt glad for at saka mot han no er stogga, og at statsadvokaten no godtar utfallet i tingretten der han samrøystes vart frifunnen, seier Paul Inge Angelshaug som er forsvarar for mannen.

Mannen var ein av tre brør som vart tiltalt for brannstifting, forsøk på forsikringssvindel og økonomisk utruskap etter hotellbrannen.

Storbrannen

Natt til 25. november i fjor vart det særmerkte hotellet i Selje totalskadd i brann. Ganske raskt kom politiet til at brannen måtte vere påsett. Tre dagar etter brannen vart dei tre brørne sikta for eldspåsetjing.

I politiavhøyr vedgjekk han som var administrerande direktør på Selje hotell at han køyrde eins ærend frå Stockholm til Selje for å sette fyr på hotellet.

Den såkalla kjøkkensjefen har heile tida nekta for å ha noko med brannen å gjere, noko han også vart trudd på av retten. Difor er Angelshaug heller ikkje overraska over at statsadvokaten ikkje ankar saka mot hans klient.

Paul Inge Angelshaug

ERSTATNING: Paul Inge Angelashuag er forsvarar for den såkalla kjøkkensjefen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg tykkjer det er ei rett vurdering når dommen står slik den gjer. Basert på det som vart presentert i retten om min klient, så gjer statsadvokaten rett i å sette strek for saka for min klient, seier Angelshaug.

Statsadvokaten kjem heller ikkje til å anke dommen på fem år og seks månader fengsel for den tidlegare hotelldirektøren. Frå før er det kjent at statsadvokaten ankar dommen mot den tidlegare styreleiaren, som i tingretten vart frikjent for brannstifting men dømd for medverknad til økonomisk utruskap.

Krev erstatning

Angelshaug har tidlegare varsla at dei kjem til å krevje erstatning.

– Det er klart at når ein har site fengsla i 11 månader for noko som ein vert blankt frifunnen for, så er det opplagt at det kjem til å verte sett fram krav om erstatning og kompensasjon, seier Angelshaug.

Han seier at dette er noko han må kome attende til når omfanget av kravet er klart.

– Det er eit eige institutt som går på nettopp erstatning for urett straffeforfølging. Dette er ei spesiell sak, og vi må nesten få sjå litt nærare på dette, no når vi veit at saka mot min klient er stogga, seier Angelshaug.