Hopp til innhold

Fridagane starta med høgast temperaturar i nord, men no snur det

Langhelga starta varmast i nord, men laurdag og søndag er det Sør-Noreg sør for Sognefjorden som får finaste vêret.

Vardø

FINAST I NORD: Nord-Noreg hadde dei høgaste temperaturane Kristi Himmelfartsdag. I Vardø var det sol, men berre rundt seks grader.

Foto: Marta Tuhus

– Det var ein litt omvendt situasjon av det vi pleier å ha, at det er varmare i nord enn i sør, seier statsmeteorolog Iselin Skjervagen.

Med fridag Kristi Himmelfartsdag har mange teke langhelg denne helga. Og fridagane starta finast i nord:

Banak i Finnmark var varmast i Noreg med 21, 9 grader Kristi Himmelfartsdag, mens Tromsø følgde med 21,3 grader.

No snur det i nord og temperaturane går ned, fortel Skjervagen.

Fredag blir det maks 15 grader langs kysten av Troms, og gradestokken går ikkje over ti grader i Finnmark. Der vil temperaturane ligg på rundt seks grader, fortel meteorologen.

– Det blir nærast ned ti grader i løpet av ein dag. Det kjem til å halde seg slik utover helga òg, seier Skjervagen.

I nord kan folk vente seg både opphaldsvêr og regn fredag og laurdag, men litt finare vêr søndag.

– Då blir det meir nedbør i indre strøk, mens dei som ligg litt lenger ut nok får det veldig fint i løpet av dagen.

Varmaste stader i nord Kristi Himmelfartsdag

VARMAST I NORD: Troms og Finnmark hadde dei varmaste stadene i Noreg Kristi Himmelfartsdag.

Foto: Meteorologisk Institutt

Skilje ved Sognefjorden

I Sør-Noreg blir det ei fin helg mange stader, men særleg nord for Sognefjorden må folk bu seg på litt nedbør.

Fredag vil det likevel kome litt nedbør dei fleste stader, med unntak av Telemark-området.

Utover laurdag dannar det seg eit skilje ved Sognefjorden, der dei som bur sør for fjorden stikk av med det finaste vêret.

– Det blir stort sett fint. Ein kan få litt nedbør langs kysten, men det er veldig lite.

Frå Sognefjorden og nordover mot Trøndelag er det venta regn på laurdag.

– Det regnet skal fortsette utover søndagen òg, seier Skjervagen.

Frogn/Drøbak

GULT OG BLÅTT: Slik såg det ut ved Kirkeveien i Frogn/Drøbak fredag.

Foto: Laila Wilhelmsen

Varmare laurdag

I Sør-Noreg vil temperaturen ligge på rundt 15 grader mange stader fredag, mens det langs kysten av Vestlandet blir rundt ti grader.

Laurdag blir det litt varmare igjen, spesielt på Austlandet og langs kysten ved Telemark og mot Sørlandet.

– Det kan bli 18 grader langs kysten, elles i Sør-Noreg blir det framleis kjølig, seier Skjervagen.

Søndagen blir også relativt kjølig. Det er i området rundt Moss og mot svenskegrensa og langs kysten mot Telemark det blir varmast.

Drøbak

NEDBØR: I Drøbak var det nedbør Kristi Himmelfartsdag,

Foto: Laila Wilhelmsen

Usikkert for pinsehelga enno

Neste helg kjem pinsa og også litt ekstra fri for mange.

Statsmeteorologen seier prognosane for denne helga førebels er usikre.

– Det er mykje lågtrykksaktivitet og det kjem an på korleis dei plasserer seg, om det blir dårleg eller bra vêr, seier Iselin Skjervagen.

Vardø

VARDØ: Slik såg det ut i Vardø Kristi Himmelfartsdag.

Foto: Marta Tuhus