Hopp til innhold

Frida på førsteplass

SKEI (NRK): Frida Melvær var den einaste kandidaten til førsteplassen på Sogn og Fjordane Høgre si stortingsliste, etter at Bjørn Lødemel i går valde å trekke seg.

Frida Melvær

NYTT KONTOR: Dersom alt går som venta, må Askvoll-ordførar Frida Melvær bytte ut ordførarkontoret med stortingskontor til neste år.

Foto: Steinar Bauge

I dag hadde Sogn og Fjordane Høgre nominasjonsmøte, der dei skal vedta partiet si stortingsliste i Sogn og Fjordane.

Det var venta at det skulle bli kampvotering mellom Bjørn Lødemel og Frida Melvær om førsteplassen, men i går kveld valde Lødemel å trekke seg som kandidat til lista. Difor er Askvoll-ordførar Frida Melvær einaste kandidat til listetoppen.

– Eg opplever dette som ryddig og avklarande framfor dagen i dag. Eg håper og trur at det blir eit ryddig og greitt nominasjonsmøte, men ingenting er avgjort før nominasjonsmøtet har sagt sitt, seier Melvær.

– Vemodig

Ho vart ikkje overraska då Lødemel i går kveld sa ifrå om at han trer til side før møtet i dag.

– Eg og Bjørn har hatt ein tett og god dialog i mange veker no, så eg kan ikkje seie at det kom uventa, seier toppkandidaten.

Lødemel sjølv innsåg i går kveld at han ikkje hadde ein sjanse.

– Det er vemodig. Eg prøvde å telje opp kor mange som ville stemme på meg, men eg måtte innsjå at slaget er tapt. Så no tar eg tapet på forskot, eg hadde ikkje sjanse, seier Lødemel.

Leiar i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Høgre, Arlene Vågene, forstår valet til Lødemel.

– Eg respekterer valet til Lødemel etter at vi har valde Frida Melvær som førstekandidat. Det står rett og slett stor respekt av dette. Samtidig vil eg takke Lødemel for arbeidet han har gjort, seier Vågane.

Ringrev

Høgre-politikaren frå Hornindal har sidan 2009 vore på Stortinget.

I morgon skulle lokallaga til Høgre kome med sine endelege forslag til stortingsliste for Sogn og Fjordane Høgre, men i mangel på støtte trekk Lødemel seg.

– Dette er ei tung avgjerd som eg har tenkt på ei stund. Det er eit tøft liv i politikken.