Hopp til innhold

Fredriksen sel Marine Harvest-aksja

John Fredriksen sel frå seg ein tredjedel av aksjane i Marine Harvest, melder Dagens Næringsliv. Tysdag ettermiddag, etter børsen hadde stengt, varsla Fredriksen at han ville selje aksjane. Han innkasserer 4,4 milliardar kroner i samband med nedsalet. Marine Harvest er verdas største oppdrettsselskap og har hovudkontor i Bergen.