Hopp til innhold

Fredag stormar dei gangsterhus

Fredag startar innspeling av gangsterfilmen "Operasjon kvit snø" i Bremanger.

"Politiet" til mot gangsterbanden i dette huset.
Foto: Firework

Kreative ungdomar nyttar romjula til å spele inn kortfilm.

- Det er minst like kjekt som å gjere andre ting, seier regissør og produsent Svein Arild Vatsø i filmselskapet Firework.

Styrer bygda med jarnhand

Filmen handlar om ein organisert liga som med jarnhand styrer den vesle bygda Bremanger. Ligaen har fått namnet Antimateria og distribuerer våpen, kokain og andre illegale stoff frå det gamle huset dei har okkupert i Bremanger. Filmen endar sjølvsagt opp i ein dramatisk rassia med både skadde og drepne.

- Eg kan ikkje seie at filmen reflekterer noko frå røyndomen i Bremanger. Alt er fiksjon, men basert på eit innslag eg høyrde på radioen om ein liknande aksjon, seier Vatsø.

Rekordfart

Vatsø fekk idé til filmen etter å ha høyrt innslag på radio om ein liknande aksjon. Manuset vart til i rekordfart og i løpet av halvannan veke var staben på 20 personar klar til innspeling i Bremanger. Det skjer i helga. I mars/februar vonar dei å vise filmen på det lokale kinolerretet.

- Vi veit frå tidlegare at folk set pris på lokalproduserte filmar. Og i desse Terra-tider vonar vi å få folk på andre tankar. Det hadde vore kjekt å snu ei slik sak til noko positivt, seier han.

Ordførar på lerret

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad takka ja til å spele i filmen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Mellom skodespelarane finn ein ordførar Kåre Olav Svarstad, som  filmen debuterer som skodespelar.

- Det blir kjekt det, men eg reknar med at det blir ei lita rolle. Eg sa for det meste ja for å hjelpe ungdomane, seier ordføraren.

- Folk vil nok lure

Også politiet er med og har gjeve gode tips til manuset. Uniformert politi og ambulansepersonell vert det også i filmen.

Daniel Volle (t.h.) tek mot prisen frå Ove Eide

Daniel Volle henta heim to prisar under Q-film på Sandane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Folk som ikkje har fått med seg at dette er filminnspeling, vil nok stogge opp og lure på kva dette er, seier Vatsø som deler regissøransvaret med ikkje ukjende Daniel Volle. I tillegg skal sogndølen stå for redigering.

- Daniel er headhunta. Han er fantastisk flink og talentfull, avsluttar Vatsø.