Frp-topp gjennom mange år: – Vi må felle regjeringa Solberg

– Vi kan ikkje gje Høgre, KrF og Venstre akkurat det dei ønskjer når dei har dolka Frp i ryggen.

Frank Willy Djuvik

KRITISK: – Kvifor skal vi støtte Erna Solberg når ho dolkar oss i ryggen, spør Frank Willy Djuvik i Vestland Frp.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dette seier Frank Willy Djuvik, fylkestingsrepresentant for Frp i Vestland. Den tidlegare mangeårige fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Frp er rasande på korleis dei andre regjeringspartia har behandla Frp på.

– Saka viser at regjeringspartnarane våre ikkje har respekt for Frp, seier Djuvik.

– Kan ikkje gje etter for press frå terrorist

Bakgrunnen for Frp sitt sinne er regjeringa si avgjerd om å hente den terrorsikta, norske IS-kvinna og hennar to born tilbake til Noreg – ei avgjerd som gjorde at Frp tok dissens i regjeringa.

– Noreg skal ikkje gje etter for press frå ein terrorist som ønskjer å oppnå ein fordel ved å hente heim borna sine, seier Djuvik.

– Bakgrunnen for at IS-kvinna blir hente heim er at eit av borna er alvorleg sjuk. Er det ikkje ein form for kynisme frå Frp si side dersom ein kanskje må ofre ein femåring sitt liv for å ri prinsipp?

– Nei, dette er heilt feil. Vi ønskjer også å hjelpe femåringen, men vi kan ikkje legge til grunn prinsipp som set norske innbyggarar i fare for å få gjort det, seier han.

– Nok saker til å felle regjeringa

Det er knytt stor spenning til kva som vil kome ut av det ekstraordinære landsmøtet til Framstegspartiet i dag. Siv Jensen sitt parti kan i realiteten vere ferdig i regjering, seier kjelder til NRK.

Djuvik meiner det må finnast eit nytt parlamentarisk grunnlag i Stortinget.

– Vi har eit ståande landsmøtevedtak på at vi ikkje støttar ei regjering vi sjølve ikkje er ein del av. Det står sjølvsagt fast, seier han.

Djuvik påpeikar at det vil vere nok av saker for Frp å felle ei regjering utgått av Høgre, V og KrF.

– Både når det gjeld innvandring, samferdsle og i oljepolitikken kan vi felle regjeringa, seier han.

– Vil ikkje lage kaos

– Men risikerer ikkje Frp på denne måten å skape politisk kaos?

– Nei, det er ikkje første gong vi har ein uavklart politisk situasjon på Stortinget om kven som skal regjere i Noreg. Eg ser ikkje at Frp, som har teke ansvar i over seks år, skal vere meir ansvarleg enn andre, seier han.

– Vil du heller ha Jonas Gahr-Støre som statsminister enn Erna Solberg?

– Nei, vi vil sjølvsagt heller ikkje støtte ei regjering leia av Gahr Støre.

Gjennom heile helga har stadig fleire Frp-kjelder NRK har vore i kontakt med gitt uttrykk for at dei ikkje trur firepartiregjeringa overlever denne krisa. Allereie førre veke uttalte fleire fylkesleiarar ope til NRK at dei meiner Frp bør gå ut av regjeringa.