Hopp til innhold

Fagforbunda frykta skjult agenda

Då to fagforbund peika på at det ikkje er lov å debattere saka om mistillit mot Jon Bolstad i eit lukka seminar før styremøte, vart møtet framskunda og saka flytta oppover på saklista.

Agnes Landstad

ENDRA PLANEN: Styreleiar Agnes Landstad tok bekymringa frå forbunda på alvor. – Ikkje meininga å realitetshandsame saka på lukka styreseminar, forklarar ho.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Sjølv nektar styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde for at styret tok sikte på å diskutere og i realiteten handsame tilsvaret frå legeforeininga i seminaret, i strid med reglane, og seier møte vart flytta fordi ein møtedeltakar skulle rekke eit fly i føremiddag.

Fredag føremiddag skal styret i Helse Førde handsame tilsvaret som legeforeininga har sendt etter granskinga av føretaket i vinter. Som kjent varsla legane at dei ikkje lenger har tillit til toppsjefen Jon Bolstad.

Saka var opphavleg sett opp som nest siste sak på saklista i den opne delen av styremøte.

Reagerte

Men Helse Førde plar halde styreseminar før sjølve styremøta. Det same skjedde i går kveld.

Desse seminara har i røynda vore lukka for ålmenta.

Det fekk Den norske legeforening og Norsk Sjukepleieforbund til å frykte at tilsvaret og mistilliten til Bolstad ville bli diskutert ferdig bak lukka dører.

I eit brev til styret uttrykkjer dei difor bekymring for manglande openheit i samband med handsaminga.

– Vi vil gjere styret merksame på at omstilling, handsaming av ein rapport som evaluerer omstillinga, samt handsaming av eit kritisk tilsvar, er styresaker som skal handsamast i styremøte. Det er altså ikkje høve til å handsame ei slik sak i eit styreseminar, skriv fagforbunda, og viser til ulike skriv frå Helse- og omsorgsdepartement.

Torsdag føremiddag, tre dagar etter at den offentlege saklista vart lagt ut på Helse Førde sine nettsider, kom meldinga om at styret framskunda møtet med ein halvtime. Og at saka om tilsvaret frå legane blir flytta opp frå nest siste, til første sak som styret skal handsame.

Praktisk årsak

Styreleiar Agnes Landstad stadfestar at ho gjorde endringar i tidspunkt og sakliste etter brevet frå fagforbunda.

– Eg ville at faktagranskarane bak rapporten i vinter på ny skulle orientere styret om kva dei fann. Dette ville eg at dei skulle gjere under styreseminaret torsdag kveld. Men så fekk eg eit brev frå forbunda som uttrykker bekymring for openheita. Eg tenkte at vi må prøve å unngå den type diskusjonar no, og difor gjorde eg om på møtet, forklarar Landstad.

Ho avviser at planen var å diskutere tilsvaret og mistilliten mot Bolstad i styreseminaret.

– Nei, realitetshandsaminga skal sjølvsagt skje i styremøte. Grunnen til at granskarane skulle informere under seminaret torsdag, er at den eine granskaren skal til utlandet med fly fredag.

– Dette vart oppfatta uheldig, og då var det greitt å endre det, seier Landstad.

Ekspert: – Ikkje lov

Ekspert på offentlegheit, Gunnar Bodahl-Johansen, seier helseføretaka må følge same reglar for offentlegheit som folkevalde organ.

Gunnar Bodahl-Johansen

KRITISK: Gunnar Bodahl-Johansen er ekspert på offentlegheit.

Foto: Institutt for Journalistikk

– Det er ikkje lov å skyve realitetsdebatten til eit lukka møte og så gå til eit ope møte og ta avgjerda. Dette er stadfesta av ei rekkje fylkesmenn og sivilombodsmannen, seier Bodahl-Johansen.

Hensikta med opne møter er at offentlegheita skal kunne følge med på kva som føregår, enten sjølv eller gjennom pressa.

– Det skal vere ein reell diskusjon på eit ope møte før ein gjer vedtak, seier Bodahl-Johansen.