Framleis røyk ved industribygg

Brannvesenet driv med ventilering av industribygget i Ænes som det har vore brann i. Det vil difor framleis vera ein del giftig røyk i området og folk blir bedne om å halda seg unna. Det var røykdykkarar som sløkte brannen i fleire plastrøyr.