– Situasjonen er slik: Det har ikkje blitt noko betre.
Slik summerer opp seniorforskar Torbjørn Forseth i Norsk institutt for naturforsking (NINA) vilkåra for villaksen i Noreg.
Villaksen i Noreg er framleis trua.
Og det trass i at det er sette inn fleire tiltak enn nokon gong.
Tre ting truar
Tidleg på 1980-talet kom meir enn éin million laks tilbake frå havet kvart år. Nå er dette talet halvert.
Det er spesielt tre ting som truar villaksen i Noreg: Lakselus, rømming frå oppdrettsanlegg og infeksjonar knytt til fiskeoppdrett.
TRAFIKKLYS: I fjor vart eit nytt trafikklyssystem innført langs norskekysten. Kartet viser at Vestlandet er verstingen i klassen.
Foto: FiskeridepartementetVasskraftregulering og andre fysiske inngrep er også store truslar som reduserer laksebestandane.
Dei siste åra har det blitt innført eit trafikklyssystem langs norskekysten. Dei tre fargane indikerer kor mykje produksjonen kan auke innanfor område.
Trass tiltaka og bransjen sin nullvisjon, har ikkje dette ført til reduksjon i rømming eller lus.
Det kjem fram i den årlege rapporten om statusen til villaksen i Noreg frå det uavhengige rådet, Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (VRL).
– Urovekkande
Forseth, som også er vitskapsrådets leder, kallar Vestlandet for «ein versting», som er på raudt nivå.
Det betyr at oppdrettarar kan måtte redusera produksjonen med 6 prosent. Samstundes kan dei søka om unntak viss dei viser til låge lusetal.
Bekymringa er spesielt stor for Sognefjorden og Sunnmøre.
UROLEG: Vestlandet er verstingen, ifølgje seniorforskar Torbjørn Forseth i Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Foto: Anne Olga SyverhusetDei siste åra har det vore høgt smittepress av lakselus i områda av Vestlandet som har mest lakseoppdrett.
– Det er urovekkande at vi ikkje klarer å handtere den menneskeskapte påverknaden på ein god måte, meiner Forseth.
Så langt i år har det rømt litt over 22 000 laks frå oppdrettsanlegg i Noreg.
For at levekåra til villaksen skal bli betre, peiker forskaren på to ting som må gjerast: Rømming må ned og effekten av lakselus må reduserast.
– Kjenner oss ikkje att i beskrivinga
Talsperson for fleire oppdrettsselskap, Even Søfteland, reagerer på rapporten til NINA.
– Me kjenner oss ikkje att i beskrivinga når det gjeld lakselus og rømt fisk, seier Søfteland.
Han seier at han gleder seg over forskingsrapporten sine tal på tilbakevandra villaks i Noreg. For trass i færre laks som kjem tilbake frå havet, er det fleire som gyter i elvene.
USAMD: Even Søfteland er ikkje einig i det som kjem fram i forskingsrapporten.
Foto: PRIVATHan legg òg til at lakselustala i dag, er ingenting i forhold til det som var for 20 år sidan.
– Då var det mykje meir enn i dag. I dag kan me ha 0,2 til 0,5, lus per fisk, seier Søfteland.
– Så oppdrettsnæringa har ikkje noko innverknad på villaksen?
– Nei. Oppdrettsnæringa er ein av mange årsaksfaktorar til at villaksen i enkelte område har utfordringar.