Fraktefartøy fekk trøbbel på Stad

I morgontimane søndag fekk frakteskipet "Holmfoss" motorproblem på Stadhavet. Ein større redningsaksjon blei sett i verk, men klokka sju melde skipet at dei kunne gå vidare for eiga maskin. Skipet får følge av redningsskøyta til Ålesund.

MS Holmfoss
Foto: Atle Markeng / NRK