Hopp til innhold

Frakta gass med desse dekka

Med farleg gods på hengaren og dekk heilt nedslitne til ståltrådane, vart eit vogntog stoppa i Flora. Kontrollørane frå Statens vegvesen er sjokkerte.

Utslitne dekk

HEILT SKRAPA: Med dekk så utslitne at ståltrådane i gummien var synlege, frakta vogntoget gass i Sunnfjord.

Foto: Statens vegvesen

Fem tunge køyretøy fekk køyreforbud i trafikkontrollar i Førde og Flora onsdag.

Meld til politiet

– Det mest graverande var eit norsk vogntog lasta med farleg gods der seks av dekka på tilhengaren var slitt ned på stålcorden.Dette køyretøyet hadde heller ikkje kjetting som var tilpassa tilhengare, opplyser overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

Føraren av vogntoget vert meld for å ha køyrt med nedslitne dekk. Vedkommande fekk også gebyr for manglande kjetting.

Vogntoget måtte i tillegg til desse reaksjonane få montert nye dekk og skaffe rett type kjettingar før turen kunne halde fram.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Utslitne dekk

FEKK KØYREFORBOD: Vogntoget som vart stoppa ved Grov aust for Florø måtte ha nye dekk før det fekk køyre vidare.

Foto: Statens vegvesen

Til saman 38 tunge køyretøy vart kontrollerte i aksjonen som hadde fokus på vinterutrusting som dekk og kjettingar.

Norske og utanlandske

Det vart utført kontroll med hovedfokus på vinterutrustning ( dekk og kjetting)

Dei fem som fekk køyreforbod hadde anten mangelfull kjettingutrustning eller dekk som hadde under tre millimeter mønsterdjupne på dekka.

Både norske og utanlandske køyretøy hadde manglar.

– Slike manglar vert pålagt utbetra før vidare bruk i tillegg til at gebyr vert skreve. Grovare manglar vert melde til politiet, seier Henjesand.