Hopp til innhold

Fråfallet i vidaregåande går ned, men forskarar veit ikkje kvifor

BØMLO (NRK): Det er sett inn hundrevis av tiltak mot fråfall i skulen dei siste 20 åra. Aldri har så mange fullført vidaregåande, men forskarar trur tiltaka har hatt liten effekt.

Isabella Skaaraaen, Mari Gåsland og Emma Bukkøy på Bømlo vidaregåande skule

MOTIVASJON: Isabella Skaaraaen, Mari Gåsland og Emma Bukkøy øver til prøve i sosialkunnskap. – Flinke lærarar og godt miljø er viktigast for motivasjonen, meiner elevane på Bømlo vidaregåande skule.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det viktigaste er skulemiljøet. At læraren er open og ser deg, seier Mari Gåsland.

Ho går Vg3 studiespesialiserande, og er elevrådsleiar på Bømlo vidaregåande skule i Sunnhordland.

90,1 prosent av elevane fullførte og bestod vidaregåande opplæring ved skulen i vår. Talet har aldri vore høgare.

– Dette er ikkje tilfeldig. Me jobbar systematisk med både det sosiale og det faglege for at færrast mogleg skal falla ut, seier rektor Asbjørn Mæland.

Mindre fråfall i heile landet

Dei fleste skulane i Vestland har hatt same utvikling, viser nye tal frå fylket. For fire år sidan var det totalt 81 prosent av elevane som fullførte. I år var talet 87,3.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser same oppgang i heile landet. 78 prosent av elevane som byrja i første klasse i 2013 gjennomførte innan fem-seks år.

Flest fullfører i Sogn og Fjordane, medan Finnmark ligg på botn.

Bømlo vidaregåande skule

MANGE FULLFØRER: 90,1 prosent av elevane på Bømlo vidaregåande skule fullfører. Tredjeklassingane trur nedgangen i fråfallet kan vera motiverande for yngre elevar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Politisk viktig

– Reduksjonen er ikkje så stor. Den burde vore større med tanke på at dette har vore så høgt prioritert av politikarane i så mange år, seier professor og forskingsleiar Jon Rogstad ved forskingsstiftinga Fafo.

Reform 94 gav norske ungdomar rett til vidaregåande opplæring i tre år. Sidan har det vore eit politisk mål å få flest mogleg til å gjennomføra.

– Opplæringsløpet er ikkje fleksibelt nok i dag. Ein del passar ikkje inn i den vidaregåande skulen i dag, og det bør ikkje vera eit mål at alle skal fullføra det løpet, meiner Rogstad.

Jon Rogstad

FORSKINGSLEIAR: Jon Rogstad ved Fafo meiner den vidaregåande skulen i dag ikkje passar for alle.

Foto: Signe Karin Hotvedt/NRK

– Tiltak har liten effekt

Statistisk sentralbyrå har forska på fråfall og nokre av tiltaka som er sette inn. I ein rapport frå 2018 talde dei opp nesten 300 ulike nasjonale og lokale tiltak.

– Dei tiltaka me har evaluert, finn me liten effekt av, seier forskar Lars J. Kirkebøen.

Han trur likevel fokuset på fråfall og endringar i arbeidsmarknaden kan ha bidrege til å få ned fråfallet.

Regjeringa jobbar no med ei fullføringsreform, der målet er at ni av ti skal fullføra. Reforma skal gi elevane meir valfridom til å følgja interessene sine, ifølgje kunnskapsdepartementet.

Rektor Asbjørn Mæland på Bømlo vidaregåande skule.

– ENKLE GREP: Rektor Asbjørn Mæland ved Bømlo vidaregåande skule trur enkle grep kan betra skulemiljøet og få fleire til å fullføra.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Skaper godt skulemiljø

På Bømlo har dei sett effekten av fleire små grep, som er synlege heilt frå første dag i første klasse. Då får elevane tildelt pult av læraren. Ingen skal storma inn og kapra den beste plassen.

– På den måten er me med på å skapa tryggleik frå første stund, seier rektor Asbjørn Mæland.

Elevrådsleiar Mari Gåsland trur det har ført til ekstra godt samhald i klassen hennar.

– No kjenner alle kvarandre. Me jobbar godt saman og passar på kvarandre. Viss det er ein medelev som ikkje møter på skulen ein dag, sender me melding og spør kvifor, seier Gåsland.