Hopp til innhold

Frå Youtube til Operaen

Jonas Nyløy Navarsete (28) er stjerne på Youtube. Men akkurat no brukar han tida på å spele fiskarson frå Måløy.

Jonas Nyløy Navarsete

FISKARSON: I desse dagar freistar Jonas livet som fiskarson med måløydialekt på operascena.

Foto: Privat

Nyløy Navarsete er karen som bytte ut idrettsstudiar i Sogndal, med studiar i klassisk musikk ved Noregs musikkhøgskule i Oslo. Men han stoppa ikkje der. No er han blitt kjent for å imitere alt frå Elvis til Coldplay – på Youtube.

Sogndølen har kring 15000 abonnentar på Youtube-kontoen sin. Her får både musikaren, skodespelaren og humoristen utfalde seg i ulike typar videoar til stor glede for mange tusen sjåarar. Sjølvaste Coldplay gav han skryt for versjonen hans av låten «Fix you». No har han signert ein kontrakt med eit Oslo-firma som gjer livet på Youtube til levebrød i endå to år.

Sjå fleire av Jonas sine videoar på Youtube her.

– Eg vert ganske ovanpå

Nyløy Navarsete har blitt kalla ein kulturgrunder. Og sjanger-grenser stoppar ikkje sogningen så lenge han likar det han driv på med. Den haldninga førte Nyløy Navarsete til Nordfjordeid som fiskarsonen «Guttorm» i operaframsyninga «Sildagapet» der han er ein av solistane.

– Eg vert ganske ovanpå, fordi eg trur at når far min er så rik, så får eg alle damene. Men det er jo ikkje slik det fungerer, ler 28-åringen medan han skildrar karakteren sin framfor premieren på Opera Nordfjord onsdag kveld.

– Enklare for ein sogning

«Sildagapet» er ein opera om sildefisket på 1950-talet. Målet er å syne fram den vestnorske fiskarkulturen og korleis folk levde liva sine på kysten i tidlegare tider.

– Dei ville ha folk frå distriktet med dialekt, for å gjere det meir autentisk. Det er enklare for ein sogning å gjere seg til måløyværing enn det er for ein austlending. Eg syng som ein autentisk måløyværing frå 50-talet.

– Korleis gjekk det å lære seg det?

– Det var ikkje så vanskeleg. Eg kjenner folk som nesten pratar litt slik, og så er det ikkje så ulikt sognemålet. Det er berre å fjerne litt ao-endingar. Teksten er og delvis skriven på dialekt, så vi får mykje hjelp ved at vi veit akkurat kva ord vi skal syngje.

Ikkje nervøs

Den scenevande Nyløy Navarsete bedyrar sjølvsikkert at nervøs er han ikkje framfor premieren på Opera Nordfjord.

– Eg er ikkje nervøs. Vi har øvd mykje siste månaden. Vi har jo spelt gjennom heile operaen 20–30 gonger.

Og heller ikkje livet som nordfjording tykkjer sogningen er så verst.

– Det er veldig fint å vere på Nordfjordeid og oppleve vestnorsk bygdekultur. Og det er jo akkurat det operaen Sildagapet handlar om og, seier Nyløy Navarsete.