Hopp til innhold

Frå vondt til verre for fylkeskommunen

– Det vil opplagt få følgjer, seier fylkesrådmann Tore Eriksen om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for neste år.

Tore Eriksen

SKUFFA: – Eg er nok kanskje litt meir skuffa enn overraska. Eg hadde kanskje trudd at det skulle bli slik frå regjeringa si side, seier Tore Eriksen om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkespolitikarane la opp til auka tapskompensasjon då økonomiplanen vart klubba igjennom i juni.

Den kan dei sjå langt etter. Om Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett blir vedteke.

– Får vi innfridd forventingane, så må vi kutte ytterlegare 40 millionar. Om ikkje må vi kutte ytterlegare 90 millionar kroner frå og med utgangen av perioden, altså 2019. Det er veldig mykje pengar, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Utfordrande

Ordet «tapskompensasjon» har i dag vore på mange fylkespolitikarar sine lepper etter at regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Dei aller fleste skuffa over at opptrappinga ikkje kom.

Fylkeskommunen får i år 55 mill kring i tapskompensasjon. Blir statsbudsjettet vedteke, må fylkespolitikarane totalt 90 millionar kroner fram mot 2019.

– Det er 22,5 millionar kroner årleg. Det blir ein veldig vanskeleg jobb. Eg trur ikkje nokon har sett føre seg korleis ein skal få det til, seier Eriksen.

– Vil smerte

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

HÅPAR: Påtroppande fylkesordførar, Jenny Følling (Sp), håpar på justeringar når statsbudsjettet blir vedteke. – Men det blir veldig krevjande for støttepartia å få på plass mange korrigeringar, for det er grense for kor mykje ein kan justere på eit budsjett. Dei vil få ein veldig krevjande jobb, seier ho.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

KS-leiar og påtroppande fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er budd på at dei neste fire åra kan bli knallharde for fylkeskommunen. Og innbyggjarane i fylket.

For Følling meiner E39-satsing, meir pengar til rassikring og løyvingar både til Nynorsk Avissenter og Måløyraidsenter er for henne ikkje nok til å kalle budsjettet godt for fjordfylket.

– Vi har funne innsparingar på 170 millionar kroner. Å finne 90 nye vil smerte. Det trur eg ingen er budde på å ta følgjene av, seier ho.

Håpar på Venstre og KrF

– Det er alvorleg. Vi må setje vår lit til at KrF og Venstre presser dette på plass. Regjeringskameratane må ta ein alvorleg prat med si regjering. For dette vil få dramatiske følgjer for fylkeskommunen sin aktivitet. Både på veg, skular, kultur og andre område, held Følling fram.

– Trur du det blir endringar når det gjeld distriktsprofilen i budsjettet?

– Eg håpar det, men det blir veldig krevjande for støttepartia å få på plass mange korrigeringar, for det er grense for kor mykje ein kan justere på eit budsjett. Eg er redd for at den sentraliserande effekten vil bli ståande, men ein kan få justert dei verste utslaga.

Vanskelege utsikter

Fylkesrådmann Eriksen vedgår at han er meir skuffa enn overraska over budsjettet.

– I fleire omgangar er Regjeringa blitt pressa av Stortinget for å auke tapskompensasjonen. Eg er litt skuffa over at dei likevel ikkje har gjort det, fordi fleirtalet i Stortinget sa at ein skal ta omsyn til fylkeskommunane sin økonomiske situasjon, seier han og avsluttar:

– Ser vi på fylkeskommunen sitt rekneskap for 2014, så har vi eit dårlegare resultat enn landssnittet og dobbelt så høg lånegjeld og vel som andre fylkeskommunar. Vi har definitivt ein vanskeleg økonomisk situasjon og vanskelege utsikter i dette fylket.