Hopp til innhold

Frå videoslepp til verdsturné og metalcruise

Metalgruppa Vreid frå Sogndal gav laurdag ut sin andre musikkvideo knytt til plata Sólverv. No ventar månader med turnering, som skal avsluttast med ein flytande metalfestival i Karibia.

Vreid

METALCRUISE: I februar skal sogningane i Vreid spele på «70 000 tons of Metal» i Karibia.

Foto: PRESSEFOTO

I 2015 gav Vreid ut plata Sólverv til svært gode kritikkar i internasjonal presse. Etter eit år med turnéar og ein liten pause, gir bandet no ut ein ny musikkvideo frå plata Sólverv før dei legg ut på nok ein turné.

– No er det gått eit år sidan albumet kom, men det kjennest framleis ferskt for oss. Så vi har framleis mykje vi skal gjere på vegen med Sólverv, seier Jarle Kvåle som er bassist og låtskrivar i Vreid.

Heimbygda

På plata Sólverv henta Kvåle inspirasjon frå heimbygda og heimstølen i Sogndalsdalen då han skreiv songane. Han fortel at det er difor den nye musikkvideoen er spelt inn i Sogndal.

– Begge videoane vi har laga til albumet er spelt inn her heime, det er eit bevisst val. Plata er så prega av omgivnadane, naturen, historikken og bakgrunnen vår her at å spele inn musikkvideo nokon anna stad hadde blitt heilt feil.

Vreid

TURNÉ: Vreid skal no ut på sin andre turné med albumet Sólverv.

Foto: Gøril Sætre

I tillegg til vakker natur er det bilete av stridsvogner, soldatar og flammar i videoen. Kvåle fortel at den er ein hyllest til bandet sine omgivnader og skal fortelje ei historie om det tidlause i naturen.

– Eg let folk tolke det sjølv, men filmen set vel opp eit ganske klassisk skilje mellom by og bygd og naturen si tidlausheit. For å få fram den tidlausheita så må ein vise dei mørkare sidene av livet. Naturen står att som det solide fundamentet som alltid er der. Det er det biletet vi prøver å vise i filmen.

Turné og metalcruise

Dei som ventar på nytt materiale frå sogningane må truleg vente ei stund til. Kvåle seier at dei heile tida jobbar med ulike idear, men at fokuset ligg på den komande turnéen.

– Først er det ein europaturné, som vi opnar i Bergen og avsluttar i Oslo. Den ser vi veldig fram til, både konsertane i Noreg og dei i Europa. Så skal vi til Japan, og Japan er eit kapitel for seg sjølv, for å seie det slik.

Etter turnéane i Europa og Japan har bandet endå ein post på programmet, då skal dei opptre på ein heller spesiell festival i Karibia.

– I februar skal vi spele på «70 000 tons of Metal». Det er ein musikkfestival som går føre seg på eit av verdas største cruiseskip. Det har blitt arrangert nokre gongar no, då er det femti metalband frå heile verda som skal spele. Dette blir første gongen vår, så det gler vi oss til.