Hopp til innhold

Frå Star Wars til Bresenter

Selskapet som har laga kulissane til det nye senteret på bremuseet, er dei same som laga filmkulissane i sjølvaste Star Wars.

Når det nye senteret for klimaendringar opnar i Fjærland i dag, er folka bak kulissane dei same som laga Star Wars.

Star Wars og klimakrise

Med lyd lys og bilete får publikum sjå korleis det kan gå med kloden om ikkje klimakrisa snart vert tatt på alvor.

Det mangla ikkje på heftige effektar eller kriser i Star Wars filmane heller, og direktør ved Norsk Bremuseum, Nils Paulsen er svært nøgd med arbeidet dei røynde filmfolka har gjort.

Glimrande arbeid

- Dei har gjort eit glimrande arbeid, skryt Paulsen, som legg til at merittane frå Star Wars hadde lite å gjere med valet av Sarner. - Det er store skilnadar frå å lage filmkulissar til det arbeidet dei har gjort ved bremuseet. Desse kulissane skal vare lenge, og vi valde Sarner på grunn av fagleg dyktigheit. Amerikanarane var medvirkande med arbeid på museumet i 1991.

- Og det arbeidet står jo endå, avsluttar Paulsen.