BILDEGALLERI: Uvær og ras 14. november
Føre hovudinngongen flaumer vatnet over.
- Det er ei stor elv av massar som strøymer ned frå Smøråsfjellet. Me har det svært heftig her i dag, fortel rektor Kristi Odeen.
Merka utrygge område
Driftseining syd har vore på inspeksjon ved skulen tidlegare i dag og merka av område som er utrygge ved skulen.
- Men det er klart at noko må gjerast her for å hindra at slikt skjer i framtida. Ein må grøfta opp og gjera arbeidet rundt den relativt nye skulen skikkeleg, meiner rektoren.
Elevane blir no holdt inne i friminutta.