Hopp til innhold

Frå rutinert ordførar til fersk stortingsmann

Frå å vere ordføraren heile Sund kjenner, til utjamningsmandat på Stortinget. Overgangen er stor for nummer 16 på Hordalandsbenken.

Vi følger en av de ferske stortingsrepresentantene.

FERSK: Ove Trellevik har gått frå ordførarstolen i ein vestlandskommune til ny jobb på tinget.

Ordførar i den vesle kommunen Sund i Hordaland, Ove Trellevik, er ein av fleire blodferske stortingsrepresentantar. No går han frå det vande og kjende, til ein heilt ny kvardag.

– Ein kjenner seg jo liten i den store samanhengen. Ikkje veit eg kvar kopimaskina er, og ikkje toalettet heller.

Galla og smoking

Til og med garderoben må oppgraderast i den store overgangen frå Sund til Oslo. I nasjonalforsamlinga må du ha både galla-klede og smoking. Me møter Trellevik på shopping.

Ove Trellevik prøver smoking

SHOPPING: Ove Trellevik må ha mykje nytt på plass til jobben som stortingsrepresentant. Mellom anna må alle representantar ha smoking.

Foto: NRK

– Sist eg bruke smoking, var då eg gifta meg, ler ordføraren som takkar pent nei til forhandlaren som prøver å selje han eit par pene bukseselar til antrekket.

– Ikkje ein typisk politikar

Ove Trellevik, tidlegare offiser og siviløkonom, vil ikkje karakterisere seg sjølv som ein typisk politikar, men trur politikken har godt av å representantar som er utypiske.

– Det var jo ikkje meininga eg skulle bli politikar. Det er jo ikkje det som er mitt yrkesval. Det er berre blitt sånn undervegs. Men politikken treng å få med seg vanlege folk, og eg føler i aller høgste grad at eg representerer eit vanleg skjønn.

Kontrasten er òg stor mellom heimen og familielivet som firebarnsfar på Tofterøy, og ein liten, stille stortingshybel dekorert med ein plastblome frå Biltema.

– Eg tenkte på det før eg reiste. Eg kom heim til tomt hus, for kona var på trening og barna ute på sitt. Då kjende eg litt på den følelsen av å vera åleine, og at det vert meir av det no når eg blir pendlar.

Gler seg til å ta plass på talarstolen

Trass i stortingsnervar, ser han fram til å ta plass på talarstolen i stortingssalen.

– Det kjem nok til å vera litt klump i magen, men eg gler meg. Eg har som ambisjon å vera ein aktiv representant.