Hopp til innhold

Humørfylt kabaret hyllar folkekjær songar

Førestillinga «Dar kjem dampen» hyllar ein folkekjær visesongar, og gjev eit innblikk i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Video frå generalprøva til kabareten "Dar kjem dampen".

Startfoto: Alf Vidar Snæland for Sogn og Fjordane Teater. Foto/redigering: Silje Steinnes Bjerknes. Reporter: Guro Kvalnes. Opptaka er gjort på generalprøven.

«Om Nelson Mandela har betydd mykje for sørafrikanarane, så har ikkje Ivar Medaas betydd mindre for strilane og landbruket!» (Claus Sellevoll i rolla som Jon Eikemo)

Tonane frå hardingfela til Annlaug Børsheim ljomar ut i rommet når Claus Sellevoll entrar scena som Medaas sjølv. Medaas skriv på eit brev til ein god kamerat, og anekdotane frå kvardagen på bygda fyller arket.

Attende til kai og krambu

Opningsscena set tonen for den vidare førestillinga. Me skal attende til ei tid då kai og krambu var viktige møteplassar for bygdefolket, og til ein kultur som er i ferd med å gå i gløymeboka. Medverkande i førestillinga er Olav Stedje, Aage Vaksdal, Annlaug Børsheim, Per Janke Jørgensen og Claus Sellevoll.

Scenografien er enkel med svart bakgrunn og berre nokre få kulissar i form av tidskorrekte reklameplakatar. Ein stumtenar må til då Claus Sellevoll er innom fleire ulike karakterar i løpet av førestillinga.

(Saka held fram under bilete)

Ivar Medaas

BREVVEKSLING: Claus Sellevoll figurerer som Ivar Medaas.

Foto: Alf Vidar Snæland / Sogn og Fjordane teater

– Det er flotte tekstar, og så er han sentimental, han tørr å gå langt inn i det sentimentale, samstundes som han er morosam, seier Arvid Ones som har regien på kabareten.

Ones meiner Medaas spelte ein viktig rolle for å spreie den vestlandske kulturen utover landet.

Det å kome med folkemusikk på 1960- talet var jo som å drepe seg sjølv

Arvid Ones

–Det å kome med folkemusikk på 1960- talet var jo som å drepe seg sjølv, men han klarte å gjere det motsette. Revynummeret «Kjerringa med staven» blei ein kjempesuksess. Og han gjorde det ikkje berre for vestlandet og strilane, men og for folkemusikken gjorde han mykje.

Claus Sellevoll

LIVET PÅ BYGDA: I førestillinga kjem ein tett på ulike karakterar frå bygda.

Foto: Alf Vidar Snæland / Sogn og Fjordane teater

Stor respekt

Regissør Arvid Ones, hadde sjølv personlege grunnar for å ta del i denne produksjonen. Både han og Sellevoll har sjølv hatt gleda av å jobbe saman med Medaas, og har lenge ville laga dette stykket.

– Me har heile tida tenkt at ei førestilling om Ivar Medaas var noko me hadde lyst til å lage, kanskje mest fordi me kjende han, og har hatt så stor respekt for han, seier regissøren.

Musikk og humor

Eg måtte til Austlandet for å forstå kor stor han var, ein blir jo ikkje profet i eiga bygd

Claus Sellevoll

Det er ein humørfylt kabaret som Sogn og Fjordane Teater no har fått på scena, og det er særleg musikken som gjer dette til ei stor oppleving.

Claus Sellevoll får utfalde seg som imitator, ei rolle som kler han godt. Sellevoll maktar kunsten å imitere Medaas utan at å gå over i parodien, han behandlar han med respekt og kjærleik. Sjølv fortel Sellevoll at han måtte ut av bygda for å forstå nett kor stor Medaas var.

–Eg måtte til Austlandet for å forstå kor stor han var, ein blir jo ikkje profet i eiga bygd, seier Claus Sellevoll om Medaas.

Dar kjem dampen

MUSIKALSK REISE: Visene til Medaas engasjerer framleis.

Foto: Alf Vidar Snæland / Sogn og fjordane teater