Hopp til innhold

500 frukttre produserte seks aprikosar

Våren tok knekken på aprikosane i Lærdal. – Prisen for å drive med fruktproduksjon så langt mot nord, seier Norsk Landbruksrådgiving.

Kari Sigrun Lysne aprikos Lærdaø

STUSSLEG AVLING: Fruktbonde Kari Sigrun Lysne med ein av dei få aprikosane som i dag var å oppdrive.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I år er det berre ein liten smak, fortel fruktbonde Kari Sigrun Lysne.

Ho plukkar ned ein einsleg aprikos frå den grøne veggen på fruktgarden i Ljøsne i Lærdal.

Kontrasten til fjoråret er stor. Etter 13 år med prøving og feiling blomstra fruktplantene i 2019 så rikt at dei for første gong kunne levere aprikos til butikk.

Heile to tonn blei hausta.

I år kjem det knapt ein handfull aprikos frå dei 500 frukttrea.

Vårkulde får skulda

– Det er den kalde våren. Det var kaldt i heile mai og aprikosen blømde mitt i frostperioden. Då rakk den ikkje å utvikle seg, seier Lysne.

Frukt- og bærprodusentane i bygda leverer både morellar, bringebær, jordbær, poteter og gulrøter til Lærdal frukt og grønt. I år er det ikkje berre den tropiske «nykomaren» som slit.

Det har også vore rekordår for dårleg plommeproduksjon.

Tal frå Grøntprodusentenes Samarbeidsråd viser at det i fjor var selt 116 tonn med plommer på denne tida i Noreg, medan talet i år er null.

Aprikos i Lærdal dårleg sesong

SMAKEN AV SOMMAR: – Me leiter først og fremst etter den gode smaken, fortel Fruktbonde Kari Sigrun Lysne om arbeidet med å aprikosdyrking i fruktbygda Lærdal.

Foto: Sondre Dalakar / NRK

– Prisen ein må betale i nord

– Ujamne avlingar, som skuldast klimatiske årsaker, er prisen ein må betale ved å drive med fruktproduksjon, også her langt mot nord.

Det seier Rune Vereide hos Norsk Landbruksrådgiving.

– I tillegg til klimatiske årsaker skuldast nok avlingssvikten i år også ein tendens til vekselbering i hagane, dvs. at etter eit svært godt år kjem eit år med svakare avlingar i etterkant. God dyrkingsteknikk med vekt på tynning og tilpassa næringstilgang vil vere med å motverke slik vekselbering.

Avbøtande tiltak som kan setjast inn for å redusere risiko for klimaskadar under blomstring er kostbart og ofte lite effektivt, seier han.

– Gassbrennarar, bruk av mikrospreiarar og liknande tiltak kan ha ein viss effekt ved nattefrost, men ved langvarig kjølig ver som vi hadde under blomstringa i år vil slike tiltak ha lite effekt.

Rune Vereide i Norsk Landbruksrådgiving

LANGT MOT NORD: – Ujamne avlingar, som skuldast klimatiske årsaker, er prisen ein må betale ved å drive med fruktproduksjon, også her langt mot nord, seier Rune Vereide hos Norsk Landbruksrådgiving.

Foto: Fotograf: Edvin-A Hugvik

5 millionar kroner over jordbruksavtalen

I Noreg er det Graminor som forelder fram og prøver nye sortar på frukt- og bær tilpassa det norske klima.

I 2019 vart det gitt 5 millionar kroner over jordbruksavtalen til frukt- og bærsenteret på Njøs for å styrke sortsutviklinga.

– Produsentar som ønsker å etablere småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær kan også få støtte til å etablere dyrkingsfelt og handtere produkta, forklarer Elin Marie H. Stabbetorp, rådgivar i Norsk bondelag.

Gir ikkje opp aprikosen

Ein dyster sesong til trass, motivasjonen for å meistre tropefrukt inst i Sogn er framleis til stades.

– Når me først får det skikkeleg til skikkeleg, er det veldig moro. Men me kan ikkje trekke ned rullegardina i år, i alle fall. No ser me berre fram til neste år.

Lysne rosar Lærdal Grønt SA for at dei tør å satse tropisk.

– Dei er motoren for alt me driv med og gir oss ein stad å utveksle erfaring. Eg hadde ikkje kunne drive på med dette på eiga hand.