Hopp til innhold

Fotballtalent fekk prisar

Laurdag vart det delt ut fleire fotballprisar til lokale fotballspelarar, klubbar og dommarar.

Ane Fimreite og Gustav Valsvik

FEKK PRIS: Fotballtalenta Ane Fimreite og Gustav Valsvik.

Foto: Stig Høynes

Sogn og Fjordane Fotballkrets har denne helga fotballting i Førde.

Dagleg leiar i fotballkrinsen, Svein Olav Myklebust, seier dei har hatt eit godt tingsete med fagleg innhald og god oppslutnad.

Pris for lang innsats

Kretsen sitt gullmerke for særleg lang innsats gjekk til Jon Georg Rutledal frå Tornado Måløy FK.

- Denne prisen heng høgt. Det har berre blitt delt ut 20 slike utmerkingar sidan 1922, så det seier vel sitt, seier Myklebust.

Norges Fotballforbund sitt honorære leiarstipen for lang og tung teneste for klubbinnsats gjekk til Arild Melvær frå Florø sportsklubb og Knut Olav Halseth frå Anga fotballklubb.

I tillegg fekk også desse prisar:

Grønt merke for god innsats på kretsnivå: Rolf Thingvoll, Anga FK, Tore Loftheim, Førde IL, Torgeir Strypet, Årdal FK, Kjell Alme, Sandane Turn- og idrettslag, Oddvar Flataker, Førde IL og Kåre Bakke, Tornado Måløy FK-

Jarle Andersen, Syril

Jarle Andersen fekk pris som Årets dommar.

Foto: Stig Høynes

Tullenprisen: Ane Fimreite, Kaupanger og Gustav Valsvik, Vik

Årets dommar: Jarle Andersen, Syril

Årets dommartalent: Vegard Yndestad, Florø

Flest Firdastjerner 2009: Christoffer Hafsås, Eid

Årets Fair-Play klubb: Jølster

Årets dommarklubb: Florø

Åretspublikumspris i Firdaligaen: Førde