– Vi er smerteleg klare over kor heldige vi er, seier Marthe Hamre Owesen (31) frå Selje i Nordfjord.
Owesen, sambuaren Jonas Svensson (29) og dottera Lilly (1,5) overlevde jordskjelvet som råka Tyrkia og Syria natt til måndag.
Fotballklubben til Svensson evakuerte spelarane med familie til Antalya.
Så langt er meir enn 5000 stadfesta omkomne etter skjelvet, men WHO fryktar at så mange som 20.000 kan ha mista livet.
Sprang for livet med dottera i armane
Klokka var litt over 04.00 natt til måndag då småbarnsmora bråvakna heime i den 15 etasjer høge blokka i den tyrkiske storbyen Adana.
Heile bygget rista.
I naborommet låg Lilly på halvanna år og sov tungt. Ho ante ingenting om jordskjelvet med ein styrke på 7,8, som er det sterkaste skjelvet sidan 1939.
– Eg handla på instinkt og sprang alt eg kunne for å hente henne. Om eg ikkje kjem meg ut av bygget, så rasar alt i hovudet på meg, tenkte eg.
Sambuaren, den tidlegare landslagsspelaren Jonas Svensson, var ikkje heime.
Han og fotballaget Adana Demirspor var i Istanbul og merka ingenting til dramatikken.
I Adana sprang Owesen ut på gata med dottera i armane. Her samla også andre forskremte born og vaksne seg, medan regnet og vinden piska dei i ansiktet.
Nokon sprang inn i parkeringskjellaren i den eine blokka og fekk henta ut ein bil slik at dei kunne kome seg vekk, fortel småbarnsmora.
– Forferdeleg å høyre om alle som har døydd
Owesen og dei andre fotballfamiliane søkte tilflukt på treningsanlegget til fotballklubben, som berre er éin etasje høgt.
Seinare kom det eit etterskjelv som nesten var like sterkt som det første.
– Eg har aldri opplevd noko liknande før. Det er så forferdeleg å høyre om alle som har døydd, seier Owesen.
Ho har fleire kjenningar som saknar familie og venner i ruinane.
– Det er svært tøft å høyre om alle som truleg er omkomne, fortel ho.
Adana er blant områda i Tyrkia som er hardast råka av skjelvet. Episenteret ligg eit par timars køyring unna Adana.
Kampen som Svensson skulle spele mot Ümraniyespor vart utsett. I går tok den vesle familien fly til Antalya. Det same gjorde dei andre på fotballaget og familiane deira.
Før Owesen og Svensson reiste, tok dei sjansen på å hente ut pass og identitetspapir frå bustadblokka dei bur i.
Flyturen blei svært tøff. Dei som hadde opplevd jordskjelvet sat og grein, fortel Owesen.
– Det var så kraftig vind, og vi fekk enorme «flashback» frå skjelvet, fortel småbarnsmora.
Ho og familien ønskte først å reise heim til Noreg, men no blir dei truleg verande likevel.
– Vi treng å jobbe oss gjennom det som har skjedd saman med andre som har opplevd det same som oss, fortel nordfjordingen over telefon frå Antalya.
Gater fulle av øydelagde hus
Kor lenge dei blir verande i Antalya eller vegen vidare, veit dei ingenting om.
Heim til Adana kan dei ikkje reise. Bustadblokka deira er ikkje trygg. Det same gjeld truleg mange av dei andre bygningane i byen.
For småbarnsmora har det vore tøft å sjå nabolaget dei har blitt så glade i, øydelagt.
Familien flytta til Tyrkia då dottera var seks veker gamal.
– Vi har fått vener for livet i nabolaget her, og dottera vår har fått fleire leikekameratar, fortel ho.