Hopp til innhold

Brukar ferien på å fostre opp skjorunge

SOGNDAL (NRK): Skjorungen Solan vart redda etter å ha blitt funnen ute åleine. No håpar fostermor at han vil klara seg i det fri.

Skjormor Liv Berit Nondal og skjorungen Solan

SKJOR-FAST: Liv Berit Nondal frå Sogndal brukar sommaren til å fostre opp skjorungen Solan.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Koronasommaren blei snudd til ein sommar saman med Solan, seier Liv Berit Nondal frå Sogndal.

For om lag fem veker sidan fann ho ein skjorunge ute åleine. Nondal forbarma seg over han og har brukt sommaren på å fostre opp den vesle skjorungen, som ho har kalla Solan.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Vil sleppe han fri

Dagen startar klokka 09.30. Då får han frukost, eit næringsrikt måltid beståande av egg blanda med kattemat. Ho seier at han eter godt og er svært glad i å bli mata.

– Men vi prøver å la han ete mest mogleg sjølv.

Svigersonen og det eldste barnebarnet til Nondal har brukt mange timar på å snikre eit bur som står høgt over bakken ute i hagen.

– Solan har lært å sitje på pinnar inne i buret sitt. Slik lærte han å fly, fortel fostermor.

Solan får også vere inne, og tek seg gjerne ein flytur inne i stova. Snart er han kanskje sterk nok til å fly vidare i livet.

– Han skal forhåpentlegvis ut i naturen igjen.

– Gode sjansar for å greie seg

– Så lenge dei får mat i ein overgangsperiode, så vil nok dette gå bra, seier Alv Ottar Folkestad.

Fugleeksperten seier han har høyrt om fleire tilfelle der folk har teke til seg både skjor, – kråke og ramneungar. Som oftast vil desse greie seg på eiga hand etter ein periode.

Han seier skjora er ein del av kråkefamilien, og desse er veldig skarpe og har gode instinkt innebygd.

Samstundes seier han at dei lett kan knyte seg til individ som dei kjenner seg trygge hos.

– Sjølv om denne skjorungen blir sjølvstendig nok til å greie seg sjølv, så kan det vere at han framleis vil vere tam og vil halde seg i område der Liv Berit bur.

Alv Ottar Folkestad på Runde

FUGLEKJENNAR: Alv Ottar Folkestad.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Ver merksam

– I dei fleste tilfelle vil eg ikkje anbefale å ta inn ville fugleungar som ein finn ute, seier Folkestad.

Mange fugleungar bruker ei tid på bakken før dei har lært seg å fly skikkeleg, opplyser Folkestad. Dette gjeld særleg trostungar og ugleungar, seier han.

Dersom ein kjem over fugleungar som er åleine på bakken, ber han folk om å vere merksame på lydar.

– Høyrer ein markerte lydar frå andre fuglar, så er det nok foreldra som varslar om fare.

Fekk vere med på hytta

Nondal seier at sommaren med Solan så langt har vore veldig artig. Han bruker store delar av dagane ute og leiker på plattingen.

Då passar matmor godt på så ingen kattar eller andre rovdyr kjem.

Solan har også fått vere med på hytta ein gong, dette gjekk veldig fint fortel ho.

– Men no er han blitt så stor at det er vanskelegare å ta han med dit. Buret er så stort òg, så det får vi ikkje med oss.

Så no blir det å halde seg heime til Solan er meir vand til å vere ute i det fri, seier Nondal.

– Eg har sete litt skjorfast i sommar, men det har vore veldig fint. Det har vore lett å fostre opp ein skjorunge. Det hadde eg ikkje trudd.

Skjormor Liv Berit Nondal og skjorungen Solan

SNIKRA BUR: Solan sitt bur står høgt over bakken, ute av fare for kattar og rovdyr.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK